TRIPPELSIGNERING PÅ PLASS

Simen Olafsen (24) og Håvard Mork Breivik (19) signerte måndag ein avtale med Hødd ut 2020-sesongen. Begge to kjem på lån frå høvesvis Levanger FK og AaFK. Førre veke signerte også Michael Phillip Bal Singh (22) for Hødd ut 2020-sesongen på lån frå Lørenskog.

Simen kjem frå spel i Levanger FK og har våre kaptein for laget i årets sesong. Ein solid og god midtstoppar som vil gå inn å styrke Hødd.

Håvard kjem frå spel i AaFK og er ein ung og lokal forsvarsspelar frå Hareid som har hatt ei flott utvikling i AaFK dei siste åra. Grunna Covid-19 har Håvard dessverre ikkje fått spelt kampar i 3. divisjon år, men fekk eit lite innhopp mot Viking i Eliteserien i september. Håvard var uheldig i fjorårets sesong å pådrog seg eit beinbrot, men han har jobba godt med opptreninga og er no klar for fullt igjen. 

Michael kjem frå Lørenskog og er ein offensiv spelar som kan spele i alle dei offensive posisjonane. Vi såg tydeleg i innhoppet i førre heimekamp at han kan vere ein flott tilvekst til laget med sine offensive kvalitetar. 

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Simen er ein kapteinstype og forsvarssjef som vi har jakta så lenge eg har våre her, og når LFK hamna utanfor sluttspelet. Og med Jens sitt fråvær blei dette no ein realitet.
 
- Håvard er ein spelar for framtida, som vi hadde på lista over spelarar aktuelle for 2021 sesongen. No ønska AaFK og Håvard at vi framskynda den prosessen.
Med det får vi inn ein talentfull allsidig forsvarsspelar med gode ferdigheiter og bra trøkk i spelet. Ein lokal unggut med den rette innstillinga.

 
- Michael Phillip Bal Singh er ein høgreist kantspelar som er rask, teknisk og offensivt anlagd. Han har eit godt blikk for spelet og har assist og mål i seg.
 
- Med utfordringar på skadar den siste tida. Og nye karantenereglar i sluttspelet, har vi bestemt at det ikkje skal vere avgjerande i eit sluttspel.
 
- Vi er i angrepsposisjon og ser fram til sluttspelet.
 
Både Simen, Håvard og Michael er aktuelle for spel i Hødd-drakta også neste sesong. Dette blir vurdert fortløpande av trenarteamet utover hausten. 
 
Dette var også siste moglegheit til å forsterke laget før ein spanande kvalik. Og med tunge fråvær i forsvaret måtte vi derfor ta grep. 
 
Hødd er no i ein god posisjon før sluttspelet starta og det er derfor naturleg at ein går inn å forsterka laget slik at ein maksimera sjansane for å vere med å slåst om opprykk til OBOS-ligaen.
 
Vi er ynskjer Simen, Håvard og Michael velkomen til Hødd!
Annonse: