TRENINGSKAMP MOT AAFK SØNDAG

Søndag spelar A-laget treningskamp mot Aafk på Color Line Stadion kl. 15:00

Nok ei treningsveke nærmar seg slutten og vi er berre fire veker unna seriestart, som er borte mot Fredrikstad FK 14 april! Førre laurdag spelte A-laget heime mot Brattvåg og spelte ein god kamp, der vi til slutt vann 3-0. Brattvåg var også farlege frampå men klarte ikkje å sette ballen i mål.
 
Det er berre fire veker til seriestart Sander, korleis har det vore å jobbe med laget fram til no?
 
- Det har vore veldig artig og spennande! Spelarane har jobba godt og lagt ned eit godt stykke arbeid i perioden – og det er bra!
 
Sist laurdag slo vi Brattvåg 3-0 heime, har du nokre tankar rundt den kampen?
 
- Eg tenker at vi leverer ein veldig god prestasjon! Vi evner og tørr å presse høgt i store delar av kampen, mens vi i angrep leverer vår beste kamp så langt. Ni målsjansar og framoverretta og variert angrepsspel! Så handlar det om å gjenskape!
 
Vi møter Aafk på bortebane på søndag, kva har du av forventningar til denne kampen?
 
- Eg forventar at vi brukar kampen til å øve mot enda betre motstand. Sist møtte vi Brattvåg, no møter vi Aafk – og det blir ei spennande utfordring! Det viktigaste for meg er at vi ikkje byrjar å gjere ting annleis – men held fram med å tydeleggjere identiteten i spelet vårt!
 
Gutta har stort sett hatt gode baneforhold og gode treningar så langt i oppkjøringa. Korleis ser dei ut fire veker før seriestart, Jesper? Er alle spelarane friske og klar til kampen?
 
- Vi har fått trent godt og med riktig belastning mykje av pre season. Dei fleste har fått gode veker og vi har hatt spelarane i trening, noko som er ei god forutseting for å få forberede laget til seriestart.
Isak og Peter slit med skadar og vert ikkje klar. Men ellers er alle klare til kamp!
Annonse: