TRENINGSKAMP MOT AAFK FREDAG

Hødd møter AaFK på Color Line Stadion fredag kl. 17.00!

Vi er no klar for årets tredje treningskamp for A-lag herrer når Hødd tek turen til Ålesund og møter AaFK på Color Line Stadion. Begge laga har fått nokre kampar i beina så langt i oppkøyringa og det blir spennande å sjå korleis laga står mot kvarandre i fredagens treningskamp.

Kampstart kl. 17.00 og nytt inngang 4 (VIP). 

TRENINGSKAMPAR AAFK

AaFK - Brattvåg 1-2
AaFK - Bodø/Glimt 0-1
 
Heimelaget har spelt to kampar til no mot Brattvåg og Bodø/Glimt, og står med to tap i oppkøyringa til no. Vi forventar derfor at AaFK stiller med eit sterkt lag frå start og vil prøve å kome sigrande ut av oppgjeret mot Hødd. 
 
Les kva AaFK skriv på si heimeside om kampen her!
 

TRENINGSKAMPAR HØDD

Molde - Hødd 3-1
Hødd - Spjelkavik 1-0
 
Hødd imponerte tidvis borte mot Molde i første treningskampen for året og vi kunne sjå tendensar der på kva vi har i vente i årets sesong i PostNord-ligen avd. 1. Absolutt ein godkjent prestasjon mot fjorårets seriemeister i Eliteserien. 
 
Førre fredag spelte Hødd sin andre treningskamp og motstandar her var Spjelkavik. Dette var ein anna type motstandar som la seg lågt i bana, var godt organiserte og gjorde det vanskeleg for Hødd å bryte i gjennom. Første omgangen var relativ jamn, men i andre omgang skrudde Hødd opp balltempoet og dominerte stort i perioder. Etter bra trykk mot Spjelkavik målet, så fekk Hødd tilkjent eit straffespark etter felling av Robin Hjelmeseth. Han tok straffesparket sjølv og satte den kontrollert inn i mål. Totalt sett vann Hødd kampen fullt fortent til slutt.
 
No ventar AaFK på Color Line fredag og vi reknar med Hødd vil gi heimelaget kamp og vise vidare progresjon i spelet sitt.
 
Vi håpar du tek turen til Color Line Stadion å støttar dei blåkvite i årets tredje treningskamp for året!
 

HEIA HØDD!

Annonse: