TRENINGSHELG - HØDD J15

Ei kjekke, lærerik og sosial treningshelg for Hødd J15 er gjennomført på Høddvoll!

I helga som var hadde J15 ei flott treningshelg på Høddvoll i strålande baneforhold. I følge tilbakemeldingane frå trenarteamet var det ei kjekke, lærerik og sosial helg. 

I tillegg til treningane som vart gjennomført, så var det også lagt opp til eit fagleg innhald. Her var Reidar Vikebakk, Marius Odne og Erika Skarbø.

Reidar snakka om temaet rollebeskrivelse og rolletrening. Marius tok opp temaet kosthold, søvn og trening.

Før helga vart avrunda avslutta Erika samlinga med å snakke om si historie og korleis nå draumane sine. Med si fantastiske karriere frå toppfotballen i Noreg og landslagsspel for Noreg, så holdt Erika eit fantastisk foredrag til J15 med skikkeleg gåsehud faktor. Kjekt og inspirerande! 

Programmet:
Trening 09.00 - 10.30
Lunsj 11.00 - 11.45
Teori 11.45 - 13.00
Trening 13.30 - 15.00
Oppsummering 15.00 - 15.30
 

Jesper: - Fantastisk opplegg

- Eit fantastisk opplegg av trenarteam, spelarar og foreldre! Ein flott måte å bygge lag, relasjonar og samhold, seier utviklingsansvarleg Jesper Törnqvist!

Annonse: