TRENINGSKAMPAR A-LAG HERRER

Treningskampane for Hødd A-lag herrer er spikra og først ut er fjorårets seriemeister i Eliteserien Molde FK. Kampen går borte på Aker Stadion.

Endeleg kan vi sjå framover mot ein ny sesong. Etter ei lang vinterpause er vi no snart i gang igjen med oppkøyringa til ny sesong. Nokre av spelarane har allereie starta med trening etter ferien, men første obligatoriske fellestrening er i gang frå måndag av. 

Vi inviterer derfor til årets første fellestrening til A-lag herrer måndag 13. januar kl. 15.30 og mest truleg går treninga på stadion.

Vi håper du tek turen innom å ser på årets første fellestrening! Alle som kjem innom vil få servert ein god og varm kaffi. Velkomen!

Sjå oversikta over vinterens treningskampar under. Kamptidspunkta er ikkje spikra enda, men det vil vi kome tilbake til på eit seinare tidspunkt.

FEBRUAR
01.02: Molde FK - HØDD
07.02: Hødd - Spjelkavik
14.02: Aafk - Hødd
22.02: Hødd - Brattvåg
29.02: Hødd - Aafk 2
 
MARS
14.03: Florø - Hødd
28.03: Hødd - Træff
 
APRIL
06.04: Hødd - Molde FK 2
Annonse: