TRENARTEAMET FOR A-LAG DAMER KLART

Robin Shroot blir ny hovudtrenar for A-lag damer i 2020 og med seg på laget får han Ragnhild Ertesvåg som assistenttrenar!

I dag signerte Robin Shroot (hovudtrenar) og Ragnhild Ertesvåg (assistenttrenar) for A-lag damer. Begge to skal også vere spelarutviklarar inn mot Høddskulen. I tillegg vil der også kome på plass ein keepertrenar innan kort tid som vil gjere trenarteamet komplett.

Sportsleg leiar Jesper Törnqvist er godt nøgd med at begge har signert.

- Vi er kjempeførnøgd med og få på plass to flinke og engasjerte trenarar som jobbar godt saman! Robin med sin fotballkompetanse frå fotball i mange år og forskjellige land, og med ein energi som smitter. I tillegg får vi med Ragnhild i ei meir voksen rolle som trenar hos oss og som vi ser for oss som trenar før Hødd i mange år framover! Eit godt trenerteam som kompletteres med ein keepertrenar og dyktige lagleiar i flere år Kirsten Nordmo.

Robin var ein del av trenarteamet også i fjor som spelarutviklar, men vil no ha hovudansvaret for A-lag damer i 2020. Han er godt nøgd med å fortsette det gode arbeidet og grunnlaget som vart gjort i 2019.

- Eg er veldig begeistra for å kunne fortsette å utvikle jente og damefotballen i Hødd og jobbe med svoltne spelarar som ønsker å ta Hødd til det neste nivået. Vi skal derfor fortsette å heve kvaliteten og profesjonaliteten på alt vi gjer både på trening og i kamp. Damefotballen opplever stor vekst og interesse ute i verden og vi må fortsette med å innfri vårt ansvar for å vere ein del av dette.

Styreleiar i Hødd Fotball, Ivar Morten Normark seier dette i ein kommentar:

- I tråd med strategiplan og forventningar i "Jenteløftet" er Hødd Fotball glade for å presentere Robin og Ragnhild som trenarar for A-lag damer i 2020. I tillegg vil Ronny bidra på keepertrenarsida. Saman med øvrige ressursar gjer dette apparatet rundt laget meget kompetent. Styret i Hødd Fotball ser fram til å følge utviklinga i sesongen 2020.

Annonse: