
Tre signerte toårskontrakter
Magnus Myklebust, Jesper Tørnqvist og Martin Mork Breivik har signert.
- Ein kjempedag for Hødd, og veldig godt å få desse på plass før jul, seier trenar Sindre Eid etter at tre spelarar signerte nye avtalar med Hødd tysdag.
Kva kan du seie om dei tre?
- Magnus Myklebust er berre 31 år ung, og er voldsomt motivert etter skada som holdt han ute det meste av 2016-sesongen. Med si erfaring vert han ein nøkkelspelar dei komande sesongane.
- Jesper Tørnqvist er leiaren i gruppa både på og utanfor bana. Ein botnsolid stoppar som ein alltid kan stole på.
- Martin Mork Breivik er ein lokal unggut som skal få sitt gjennombrot i 2017-sesongen, seier ein glad hovedtrenar.
Sportssjef Andrè Nevstad har som nevnt signert alle tre på toårskontrakter.