Tre rekruttar opp i A-stallen

Daniel Eid, Eirik Franke Saunes og Sivert Pieroth blir tatt opp i A-stallen i Hødd. Alle tre er lokale gutar som har gått gradene i klubben.

Tre ambisiøse og spennande spelarar

Sportsjef, André Nevstad seier det er svært gledeleg å kunne ta opp tre ambisiøse og spennande spelarar i A-stallen.

Alle tre har gått gradene i Hødd, og har gjennom vinteren visst at dei er klare til å utfordre dei meir etablerte spelarane om plass på laget og speletid.

I tillegg til desse tre som no vert tekne opp er det fleire rekruttspelarar som ligg nære, og som kjem til hospitere med A-laget i tida framover.

Så vil tida framover vise kven som blir nestemann.

Sivert

Keepertrenar, Ronny Osnes seier Sivert har hospitert jevnt med A-laget sidan han kom til i rekruttstallen og vore fast i treningsgruppa sidan Ole Monrad skada seg forrige sesong.

Sivert er målbevisst, moden og ambisiøs i utviklingsarbeidet sitt, og hatt svært god utvikling siste sesongane. 

Flott gut som følger tradisjonane med lokale unge keepers i A-stallen.

Eirik og Daniel

Eirik og Daniel er to av fleire lovande unggutar som no vert tatt opp i A-stallen. Begge to har trena ein del med A-laget i det siste og veit difor ein del om kva nivå dei skal vere med på framover.

Dei er begge svært målbevisste og haldningssterke spelarar som har jobba godt over lang tid med sine utviklingsmål.

Daniel er først og fremst forsvarsspelar som kan spele både stoppar og back.

Eirik kan spele på dei fleste plassar midtbaneleddet.

Dette er to unggutar som er målbevisste og som tek mykje ansvar for si eiga utvikling, og som Hødd vil få stor nytte av i åra framover. Og vi i rukrutteamet håper og trur det vert fleire unggutar som etter kvart tek steget opp i A-stallen, seier rekruttrenar, Einar Magne Skeide.

FAKTA

  • Daniel Eid, stoppar/ høgre back født i 98

  • Eirik Franke Saunes, midtbane født i 98

  • Sivert Pieroth, keeper født i 98

Annonse: