TOPPKAMP MOT MOLDE FK

Laurdag spelar Hødd damelag toppkamp mot Molde FK på Høddvoll. Kampstart kl. 14.00. Møt opp å støtt damelaget!

TOPPKAMP MOT MOLDE FK

Laurdag kl. 14.00 spelar damelaget toppkamp mot Molde FK. Hødd har fått ein kanonstart på sesongen og tok eit sterkt poeng mot Trondheims-Ørn 2 i forrige bortekamp. Laget er plassert på ein 3. plass og møter laurdag Molde FK på plassen over. Med siger til damelaget vil dei gå forbi Molde FK på tabellen. Det blir derfor eit skikkeleg toppoppgjer på Høddvoll laurdag!

Laga spelte mot kvarandre tidlegare i vinter og då vart det stortap 10-1 på Aker Stadion. Damelaget har jobba steinhardt i vinter og tatt store steg sidan den tid. Det er derfor venta at dette blir eit mykje tettare oppgjer no enn då laga møttes i vinter. 

Vi håper mange tek turen til Høddvoll laurdag og gir laget god støtte! 

KAN SKAPE TRØBBEL FOR DEI FLESTE LAGA I DIVISJONEN

Vi har tatt oss ein prat med Johanne Helvig som har opna sesongen svært godt i år!

Laurdag kjem Molde på besøk til Høddvoll og for ein toppkamp i 2. divisjon vi har i vente! Det blir vel ei spennande utfordring?

- Ja absolutt! Det å rykke opp frå 3. til 2. divisjon var noko eg lenge var spent på, og såg på heile opprykket som ei utfordring. Vi har brukt siste veka på å førebu oss godt og er klare for å gi Molde skikkelig kamp!

Tidligare i vinter spelte vi mot Molde og fekk skikkeleg bank 10-1 på Aker Stadion og ein leksjon i kva som venta oss i 2. divisjon. Korleis føler du laget har utvikla seg sidan den tid?

- Det har skjedd mykje! No har vi både keeper og trenarteam på plass, noko som har gjort oss betre i seg sjølv. Heile laget har jobba hardt i oppkøyringa og lagt 10-1 tapet bak oss. No er vi klare for ein kamp som forhåpentleg vis blir jamnare enn den forrige.

I forrige seriekamp spelte laget ein svært god kamp borte mot Trondheims-Ørn 2 og tok med seg eit sterkt poeng heim til Ulsteinvik. Det viser vel at laget kan bite godt frå seg mot alle laga i divisjonen?

- Sesongen har fått ein lovande start og vi har bevist at vi held nivået. Trondheims-Ørn 2 er eit godt lag, som vi gjerne delar poeng med. Det er inga hemmelegheit at kampen i Trondheim fekk eit overraskande resultat. Sjølv om det fort kunne bikka feil veg, klarte vi å halde nullen og ta med eit viktig poeng heim. Med uavgjort mot eit slikt topplag, så viser laget vårt at vi kan skape trøbbel for dei fleste laga i divisjonen.

Du har starta alle kampane så langt i år og har spelt både høgrekant og høgreback. Korleis føler du det har gått for din eigen del?

- For min eigen del følar eg at eg har tatt store steg i år. Vi har ein god tropp, med hard konkurranse om plassane. Eg jobbar sjølvsagt kvar veke for å behalde plassen i start elvaren og ser fram til dei kommande kampane.

TROPP

Agata Drozdzik, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Bertine Køso, Cecilia Bakke, Ellen Nerland Aahjem, Hannah Rekdal, Jenny Gjerde, Johanne Helvig, Lina Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Oline Marø Sundgot, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Thea Ertesvåg.

Vi ønskjer damelaget lykke til i heimekampen mot Molde FK laurdag!

KAMPFAKTA

  • 2. DIV. KVINNER AVD. 06

  • HØDDVOLL

  • 25.05.2019 KL. 14:00

Annonse: