Tobias V. Evebø blir Hødd-spelar

Kjem frå naboklubben Volda og har signert ut sesongen

Tobias Vassbotn Evebø (28) skal spele for Hødd resten av sesongen, han kjem frå Volda der han i årets sesong har spelt 10 kampar og skora 6 mål. Tobias har gått gradene i Volda og spelte saman med Sivert Heltne Nilsen og Ørjan H.Nyland i mange sesongar før dei gikk til Hødd. Han har i tillegg til Volda, spelt for både Stryn og Førde. Pappa Dagmund har også spelt for Hødd, det skjedde tilbake på midten av 80-talet. 

- Tobias har spelt både midtstoppar, midtbane og spiss, men er henta inn til oss primært som midtstoppar. Han er med sine 1,95 meter ein solid duellspelar, god i lufta og har opp gjennom åra skora mange mål på dødball. Vi har tre meget solide stopparar i dagens stall, men ser behov for betre dekning utover hausten, og er difor glade for at vi fikk på plass Tobias, seier sportssjef Andrè Nevstad som set pris på den gode dialogen Hødd har hatt med Volda.

- Eg gler meg veldig til denne utfordringa, og håper og trur at eg kan vere med å bidra på ein positiv måte slik at det vert ein god haustsesong for Hødd, der målet er å stå øverst til slutt. Det er ein flott gjeng med mange gode spelarar og dyktige trenarar. Eg har fått eit veldig godt inntrykk av klubben på alle måtar og gler meg berre til å kome i gang seier Tobias Vassbotn Evebø.  

Annonse: