Tobias Bjørnebye har signert ut 2019

Kjem på lån frå Rosenborg BK

20 år gamle Tobias Bjørnebye frå Rosenborg BK var på besøk med oss sist veke, og spelte heile kampen mot Florø i generalprøva på laurdag. Rosenborg BK og Hødd har no blitt enig om ein utlånsavtale gjeldande for 2019-sesongen.

Sportssjef Andrè Nevstad uttalar følgjande; 

"Tobias fann seg raskt til rette i gruppa både på og utanfor bana, og vi har hatt ein god og konstruktiv dialog med Rosenborg BK og set stor pris på at vi fikk dette i orden.Tobias er ein spelar som kan spele i fleire posisjonar på midtbana, og har eigenskapar som passa fint inn saman med dei andre vi har i stallen".

Tobias Bjørnebye ser fram til å bli Hødd-spelar;  

"Eg har fått eit veldig godt inntrykk av Hødd og Ulsteinvik og gler meg veldig til å bli ein del av av denne klubben som eg har høyrt mykje godt om frå andre som har vore her tidlegare. Eg har blitt godt motteken frå første dag og gruppa består av ein herleg gjeng med mange gode spelarar som vil jobbe hardt for å lukkast saman. Eg gler meg!"

 

Annonse: