TELENOR XTRA HØDD FFO 2019/ 2020

Vi har no opna for påmelding til Telenor Xtra Hødd FFO 2019/ 2020! Frist for påmelding mandag 8. juli.

TELENOR XTRA HØDD FFO

Telenor Xtra Hødd FFO skal vere eit variert aktivitetstilbod til alle barn etter skuletid, med fokus på kosthold, fair play og trening av sosiale ferdigheiter. Barna skal bli utfordra på samarbeid, sjølvstendigheit, ansvar og planlegging.

TILBOD SKULEÅRET 2019/ 2020

For skuleåret 2019/2020 blir det tilbod om FFO måndag og torsdag for Haddal skule, Ulstein skule og Ulsteinvik barneskule. Hasund skule har vi dessverre ikkje tilbod til neste skuleår.

For Haddal skule gjeld tilbodet kun for 2.-3. klasse!

Sjå invitasjon her!

KUN 49 PLASSAR TILGJENGELEG PR. DAG. PÅ HADDAL SKULE, ULSTEIN SKULE OG ULSTEINVIK BARNESKULE TIL SAMAN! HUSK DERFOR Å VÉR TIDLEG UTE SLIK DU SIKRAR PLASS TIL BARNET DITT.

Det er mogleg å søke om ein eller to dagar på FFO.

PRIS

Kr. 800,- i månaden for ein dag i veka. 
Kr. 1 400,- i månaden for to dagar i veka.

Transport frå skulen og mat er inkludert i prisen.

TRYKK HER FOR Å MELDE PÅ BARNET DITT!

 

VEDTEKTER

Annonse fra Obos-ligaen: