Tap mot Træff for Hødd 2

Laurdag ettermiddag spelte Hødd 2 bortekamp mot Træff i Norsk Tipping-ligaen. Det enda med 0-3 tap.

Det var ein jamn kamp på Reknesbanen laurdag ettermiddag. Træff scora på ein corner i den første omgangen, og leda 1-0 ved pause. Resultatet kunne og burde vore annleis, men Hødd klarte ikkje å omsette stort ballinnehav til mål, trass nokre målsjansar. 

I den andre omgangen haldt kampen fram med å vere jamn. Fram til det 80. speleminutt stod det 1-0, og kampen kunne vippa begge vegar. I jakta på utlikning endra Hødd 2 formasjon og satsa enda meir offensivt. Dessverre fekk Hødd 2 to mål i mot i jakta på utlikninga, noko som gjor at det blei 3-0 til heimelaget. 

Ein god prestasjon av eit ungt Hødd 2 (kun ein senior, født 1998) som spelar jamnt med Træff, som er blant dei beste laga i avdelinga. 

Annonse: