Tap for Hødd 2

Det vart tap for Hødd 2 i årets første bortekamp mot Drøbak-Frogn søndag ettermiddag.

1.omgang

Kampen starta på best mogleg vis for Hødd 2 når dei gjesta Seiersten stadion og Drøbak-Frogn søndag.

Dei blåkvite leia kampen 0-2 etter 6 min og sjokkerte heimelaget som var favorittar før kampstart.

Daniel Haanes skora det første målet etter eit flott frispark frå midtbana. Midtbanespelaren oppfatta kjapt at keeperen sto langt ute og satte den over Kristoffer Bjørløw Solberg i Drøbak-Frogn målet.

Hødd 2 ville ikkje gi seg med dette og fekk moglegheita frå straffemerket kort tid etter første skoringa. William Fjørtoft vart felt inne i 16-meteren og Johannes Sundgot satte straffesparket enkelt i mål.

Etter 10 min var det heimelaget sin tur. Ein kort corner vart slått og Markus Aaser Grønli sto plutseleg heilt aleine inne i 16-meteren. Avslutninga sette han enkelt i lengste hjørnet. Reduseringa var eit faktum.

Hødd 2 lot seg ikkje påverke veldig av reduseringa, og holdt fram med å skape målsjansar.

Hødd 2 burde også kanskje hatt eit straffespark til etter dette der Badr Rahhaoui vart felt, men dommaren vinka spelet vidare. 

Dei blåkvite satte også inn 1-3 etter eit fantastisk raid av Johannes Sundgot som avslutta hardt mot bakerste stolpe der Peter Hasund sette ballen i mål, men dessverre for Hødd 2 vart Hasund vinka av for offside.

Rett før pause utlikna heimelaget og sette inn 2-2 etter ei heading av Ibrahima Konate. 2-2 stod seg til pause.

2.omgang

Etter pausen var det vertane som tok kontroll over kampen. Dei angreip med stor variasjon og høgt tempo, og gjestane sleit med å kome seg i press. 

Hødd 2 holdt lenge unna presset frå heimelaget, men etter 67 min kom 3-2 skoringa etter nok ein corner. Målskorar Stian Leirvik. Det var ikkje ufortjent at heimelaget skora 3-2 målet. Men, nok ein gong kom målet på corner - det tredje corner-målet til Drøbak-Frogn denne kampen.

Etter 3-2 målet forsøkte Hødd 2 å gjere nokre endringar for å kome tilbake i kampen, men dessverre kom ikkje dei store sjansane. I staden avgjorde heimelaget kampen etter 79 min når Markus Aaser Grønli sette inn 4-2 etter ei kontring. Dette vart også sluttresultatet.

Hovudtrenar Sander seier dette etter kampen

- "Vi viser i perioder at vi er vel så gode - og enda betre enn - Drøbak-Frogn. Det er sterkt på bortebane. Eg trur ikkje det er mange som til å ta med seg poeng frå Seiersten stadion denne sesongen. Heimelaget var bra, spelte god fotball, forsvarte seg godt, meistra dødball og vant fortjent. Dette var ein nyttig referanse for oss - mykje læring! Vi takkar Drøbak-Frogn for kampen, og ønskjer dei lykke til vidare", seier Sander Nyland etter kampslutt.

Kampoppsummering

Hødd 2 viser igjen at dei kan skore mål på dette nivået mot to gode motstandarar i Oppsal og Drøbak-Frogn og er fullt på høgde i perioder av kampen. Laget spelar på seg erfaring for kvar kamp og vil nok stå betre i mot i duellspelet utover sesongen. 

Neste motstandar for Hødd 2 er neste søndag heime mot KFUM 2 kl. 16.00! 

Annonse: