TAKK FOR INNSATSEN I HØDD

Det har skjedd endring i a-stallen etter fjorårets sesong og vi ønsker derfor å takke fleire spelarar for innsatsen i Hødd-drakta!

Jens Husebø blir ikkje å sjå i Hødd-drakta i 2021. Han ønsker å spele på eit høgre nivå og har derfor takka nei til ny kontrakt i Hødd.

Den lokale spelaren Bam Hide har også takka nei til ny kontrakt og ønsker å sjå seg etter nye utfordringar i 2021. 
- Bam har gått heile vegen i Hødd. Teknikar som no ser seg etter nye moglegheiter. Vi takkar Bam for innsatsen til no og skal følgje med framover på utviklinga, seier Sportssjef Jesper Törqvist.
 
Peter Hasund flyttar på seg og skal studere dei komande åra i Bergen. Han var delvis med i 2020 og den lokale spelaren blir derfor ikkje å sjå i Hødd-drakta i 2021. 
- Ein Høddar som har gått gradene i Hødd-systemet. Målskorar med god fysikk som ser etter nye moglegheiter i livet, og forhåpentlegvis vil dette gi Peter eit løft fotballmessig i nye omgivelser. Vi takkar Peter for god jobb i mange år og vi vil følgje han tett vidare, seier Sportssjef Jesper Törnqvist.
 

Netan Nico Sansara flyttar også på seg og har flytta tilbake til Fredrikstad der han trappa ned. Han har fått seg jobb i Råde IL Fotball i ei 80% stilling der han skal ha ulike oppgåver knytt til sport, sponsor og salsarbeid, og i tillegg spele for Råde IL Fotball.

Melvin Frithzell og Simon Silverholt vart ikkje tilbydd ny kontrakt etter sesongen og har derfor reist heim til Sverige.

Elias Hoff Melkersen (Bodø-Glimt), Michael Bal Singh (Lørenskog), Simen Olafsen (Levanger FK) og Håvard Mork Breivik (AaFK) har alle reist tilbake til sine respektive klubbar etter låneoppholdet i Hødd. 

Vi ønsker å takke spelarane for innsatsen i 2020 og ønsker dei all lykke til vidare med fotballen i 2021!

Annonse: