Superlaurdag

Sindre Eid: - Vi ser stigning og eg forventar ein god kamp av oss.

Laurdag teiknar til å bli ein superlaurdag for alle som er interessert i god fotball og Hødd.

Kl. 11.00 spelar G16 cupkamp i NM mot Byåsen på Høddvoll, og kl. 14.00 skal A-laget i aksjon mot Førde.

I tillegg spelar Damelaget kl. 16.00 og J19 kl. 18.00 dobbelkamp mot Langefjord. 

Det vert også muligheit til å kjøpe sesongkort på Høddvollhuset mellom kl. 11.00 og 14.00.

A-laget har slått Træff og Sogndal i sine to siste kampar, og Hødd-trenaren er optimist.

- Vi har hatt ei bra stigning på treningsfeltet dei siste par vekene. Spelarane begynner å kome i form, er lettare i beina og jobbar godt. Eg forventar ein god kamp av oss mot Førde, seier Sindre.

Vegard Heltne og Ole Monrad Alme er på skadelista, men ellers kan trenarteamet velge frå øverste hylle.

Får vi sett nokon nye ansikt i aksjon?

- Vi har ein ny prøvespelar på trening fredag. Vi får sjå om vi sender han utpå i kamp laurdag. Utenom det kan det vere at vi har ei nysignering klar og i aksjon på laurdag, smiler ein optimistisk Hødd-trenar.

Velkomen på kamp!

Annonse: