STØTTEAPPARATET FOR HERRESIDA 2018 ER KLART

Vi står framfor ein svært spanande sesong for herrefotballen i Hødd.

Vi står framfor ein svært spanande sesong for herrefotballen i Hødd. A-laget har ambisjonar om å kjempe om opprykk til Obos-ligaen og rekruttlaget skal teste seg i 3. divisjon. Dette er i praksis eit opprykk på 1,5 divisjon for rekruttane og vil til kvar tid gi ei svært god matching for våre nest beste.

Med to lag på så høgt nivå krevst det også solide støtteapparat rundt laga. Der har vi gjort visse endringar sidan i fjor. På a-laget held Sindre Eid fram som hovudtrenar. Med seg som assistenttrenar får han Sander Håskjold Nyland. Frode Gjerde blir trenar for målvaktene og Rafael R. Bermudez blir fysisk trenar. Endringar frå i fjor er altså at Sander kjem inn og Harald Å. Rise og Ronny Osnes går ut.

På rekruttlaget blir det også gjort visse endringar etter suksessesongen i 2017. Sander Håskjold Nyland skal halde fram med å ha hovedansvaret, Jesper Törnqvist blir spelande assistent, Rafael R. Bermudez blir fysisk trenar og med seg får dei Reidar Vikebakk og Harald H. Riise i teamet. Einar Magne Skeide vil også bidra, men i mindre grad enn i fjor.

Dette gjer at Sander Håskjold Nyland får ei rolle i begge laga. Tanken bak dette er at det skal vere tett samarbeid mellom dei to laga og at ein skal ha god spelarflyt. I dette arbeidet vil Sander spele ei viktig rolle. Sander er ein ung, ambisiøs og svært lovande trenar og vi er svært glade for at han ønskjer å kombinere desse rollene.

Vi er også svært glade for at vi har fått Jesper Törnqvist inn i 100% stilling på trenarsida i klubben. Hovudfokuset vil framleis vere som utviklingsansvarleg på jentesida i klubben og arbeid inn mot Høddskulen, men han vil også bidra som spelande assistenttrenar på rekruttlaget.

Vi takkar alle som bidrog i 2017 og ønskjer dei nye teama for 2018 lukke til! Vi håper på mange gledesstunder for Hødd på Høddvoll og rundt om i landet.

Spørsmål kan rettast til sportssjef André Nevstad på telefon 922 22 225.

Annonse: