STOR AKTIVITET PÅ SPAREBANKEN MØRE FOTBALLSKULE

Det var stor aktivitet på Sparebanken Møre Fotballskule når Hødd sine spelarar frå A-lag herrer gjesta fotballskulen på Larsnes forrige veke.

SPAREBANKEN MØRE FOTBALLSKULE

3 fantastiske fotballdagar på Sparebanken Møre Fotballskule på Larsnes er over og både Sparbanken Møre og Larsnes IL Fotball ynskjer og takke hjarteleg for Dykkar besøk på skulen tirsdag og onsdag.

Tirsdag kom Jens Husebø,Bam Hide og Isak Skotheim.
Onsdag fekk vi besøk fra Ole Monrad Alme,Preben Sætre,Robin Hjelmeseth og Vegar Berntsen.

7 fantastiske karar og representantar for Hødd IL.

Dei gjekk inn i gruppene på fotballskulen, tok tak, viste sine ferdigheitar og ikkje minst kosa og leika seg ilag med elevane på skulen.
Dei gjorde alle ein framifra innsats og elevane satte stor pris på besøket og det dei bidrog med.
Dei var med til og heve fotballskulen både i kvalitet og det at dei innvolverte seg so masse i dei forskjellige gruppene.
Tusen takk også for fribillettane som vi delte ut til alle elevane siste dagen.

Hødd takkar for den gode tilbakmeldinga frå Larsnes IL  og tek gjerne turen igjen neste år. 

Annonse: