SOLID LAGSIGER

Hødd tok ein flott siger over Brattvåg laurdag og sikra seg 3 poeng!

I lokaloppgjeret mot Brattvåg var det Hødd som skulle ta det lengste strået. I ein tette og jamne kamp, var det Hødd som til slutt kunne juble over 3 poeng. To mål og null baklengs må vi seie er eit veldig godt resultat av Hødd i dagens kamp mot Brattvåg. Begge lag hadde sine sjansar, men Hødd var ekle å møte i dag og heimelaget viste løpskraft, duellkraft, vilje, kontringsstyrke og var effektive foran mål i dag. Spesielt i første omgang viste Hødd veldig gode tendensar med godt angrepsspel. I andre omgang forsvarte Hødd seg litt lenger nede i bana og kontrollerte eigentleg kampen i andre omgang. Fleire gode prestasjonar over heile linja og ein solid lagsiger over Brattvåg! 

1. OMGANG
Hødd skapte kampens første sjanse etter få minutt der Sansara, F. Saunes og Rise kombinerte fint på venstresida. Sistnemnde slo deretter eit godt innlegg 45 grader ut til Frithzell som sto umarkert å fekk avslutte mot mål. Dessverre gjekk avslutninga like utanfor, men eit flott angrep av Hødd!

Brattvåg kom til sin første sjanse etter ein dødball like etter og kunne fort ha satt inn 0-1 på Høddvoll, men heroisk og godt forsvarsspel av Hødd og ei flott blokkering av Wrele i siste liten hindra mål til bortelaget. 

Bortelaget sto også for det neste forsøket. Ein corner vart slått inn i feltet og på bakerste stolpe fekk Brattvåg sin spelar Alexander Andal Jonassen stå heilt umarkert å heade mot mål. Heldigvis var headinga svak og gjekk utanfor. 

Neste sjanse skulle Hødd stå for. Brattvåg med eit langt innkast inn i 16-meteren til Hødd og Alme plukka opp forsøket og satt raskt i gang ei kontring mot eit Brattvåg-lag i ubalanse. Alme kasta i retning Hjelmeseth som stussa vidare i bakrom til spissmakker Frithzell. Sistnemde kom i løpsduell med kaptein på Brattvåg Emil Dahle mot Brattvåg-målet. Frithzell kom seg til slutt til avslutning, men var dessverre i ubalanse når han fyrte av mot målet og forsøket gjekk godt utanfor målet til Brattvåg. Men eit glimrande forsøk av Hødd!

I det 17 speleminutt skulle det bli jubel på Høddvoll! Hødd mista ballen inne på Brattvåg sin banehalvdel, men etter godt ettertrykk var plutseleg Silverholt igjennom. Han slo ballen flatt inn i feltet der fleire Hødd-spelarar sto klare til å sette ballen i mål. Ballen endte til slutt hos Hjelmeseth som banka ballen i mål med venstreslegga bak ein sjanselaus Brattvåg-keeper. 1-0 til Hødd var eit faktum!!

Hødd fortsatte i same spor med å skape sjansar etter dette. Den svenske angrepsduoen Silverholt og Frithzell kombinerte fint og sistnemde vart til slutt spelt igjennom. Der hadde han to Brattvåg-spelarar på seg og vart forstyrra nok til at avslutninga gjekk utanfor mål. Nok eit godt forsøk av Hødd med å ta Brattåg i ubalanse.

I det 37 minutt skulle Hødd nok ein gong få uttelling. Ei flott spelvending av Rise vart slått mot Sætre. Høgrebacken vendte opp og kom seg til innlegg, og for eit innlegg det var! Innlegget vart slått perfekt inn i feltet med både presisjon og kraft mot Hjelmeseth. Spissen gjorde ingen feil og heada ballen kontant i mål bak ein sjanselaus Brattvåg-keeper. 2-0 til Hødd!!

Rett før pause kunne bortelaget fort ha utlikna, men nok ein gong var deira avslutning på mål for svak. Tidlegare Hødd-spelar Sondre Sandnes Beite kom seg til innlegg frå hjørnet av 16-meteren og slo eit godt innlegg inn feltet mot Sami Kamel som heada den vidare til Kasper Stagholt Jensen som sto umarkert på 5-meteren, men headinga til forsvarsspelaren gjekk over mål. 

2. OMGANG
I andre omgang hadde Hødd det første forsøket. Tomålsskorar Hjelmeseth vart spelt strålande igjennom i bakrom av F. Saunes. Hjelmeseth kom aleine mot keeper og satte ballen enkelt forbi Aleksandar Stankovic i Brattvåg-målet, men dessverre var spissen hårfint i offside og målet vart annullert. 

Beite sto for den første sjansen til Brattvåg i andre omgang. Bortelaget kombinerte fint på venstresida til Hødd der Beite til slutt kom til avslutning, men Alme i Hødd-målet var med på notane og redda forsøket greit.

Frithzell var også nære med å sette inn 3-0 til Hødd, men dessverre gjekk avslutninga like utanfor, men godt forsøk og bra kraft i avslutninga. 

HØGDEPUNKT HØDD - BRATTVÅG


HØDD - BRATTVÅG 2-0

  • 17 MIN: ROBIN HJELMESETH

  • 37 MIN: ROBIN HJELMESETH

Annonse fra Obos-ligaen: