Solid kamp av Hødd 2

Fredag kveld møtte rekruttlaget Hareid til lokaloppgjer. Den enda med 7-0-siger til dei blåkvite. Laget nærmar seg opprykk til 3. divisjon etter sigeren mot Hareid.

Kampen opna med stort overtak til vertane, og kampbildet var eigentleg det samme gjennom heile kampen. Trass i stor dominans måtte dei blåkvite vente til det 34. speleminutt før 1-0 var eit faktum med Peter Hasund. Like før kom 2-0 med Håkon Brautaset på staffespark og 3-0 med Magnus Myklebust. Ei svært fortjent leiing til pause.

Etter pause haldt dominansen fram. Aleksander Rekdal og Håkon Brautaset auka leiinga til henholdsvis 4-0 og 5-0 før timen var spelt. 6-0 målet var ei perle i krysset signert Daniel Haanes i den, medan Eirik Franke Saunes fastsette sluttresultatet til 7-0 i det 84. speleminutt. 

Trenar Sander Nyland sa følgande etter kampen: 

"Vi er fornøgde med å dominere kampen, skape så mange sjansar og score sju mål. Det får vi lov til fordi vi var gode på å nekte motstandaren særleg framdrift. Det er ein suksesskriterie i vårt spel. No ser vi fram mot ein tøff og utfordrande kamp mot Emblem på torsdag". 

Laget (4-3-3): Sivert Pieroth (Joakim Ulstein 60 min) - William Fjørtoft (Bam Hide 55 min, Aleksander Rekdal 60 min), Aleksander Rekdal (Daniel Haanes 55 min), Preben Sætre, Johannes Sundgot - Andreas Breimyr (Eirik Franke Saunes 46 min), Sander Djupvik, Peter Hasund (Elias Flø 55 min) - Håkon Brautaset, Magnus Myklebust, Isak Haanes.

Annonse: