Skeide: - Minner om 2009

Rekrutt ser fram mot ein spennande sesong.

Årets team rundt rekruttlaget er på plass. Sander Håskjold Nyland og Einar Magne Skeide er likestilte hovedtrenarar, og har med seg Harald H. Rise og Reidar Vikebakk.

Rekruttlaget skal i år spele i den nye og forsterka 4. divisjon. Fjorårets Regional Liga for junior vekk. Den er erstatta av Nasjonal Liga, og der har ikkje Hødd innpass. Det betyr at kretsens 1. divisjon på ny vert arenaen for juniorane som til ei kvar tid ikkje spelar rekruttkampar.

Rekruttlaget er godt i gang med oppkøyringa, og ifølge Einar Magne minner situasjonen no om det han opplevde i 2009. Med mange juniorspelarar som trente- eller vart tatt opp i A-stallen, og der fleire av dei tre år seinare vart Noregsmeistrar med Hødd.

Sjå intervjuet med Einar Magne under.


Annonse: