Siste kvalikkamp for Damelaget

Søndag spelar Hødd damelag siste og avgjerande kvalikkamp om opprykk til 2. divisjon! Kampstart kl. 14.00 mot Træff!

I første kampen borte mot Træff tapte Hødd damelag 4-1, men i følge rapportane var kampen mykje jamnare enn slik resultatet vart til slutt. Hødd kunne med litt margina både scora 1 og 2 mål tidleg i kampen og då ville vi ha fått eit heilt anna kampbilete. 

No er det ny sjanse på Høddvoll søndag når Træff gjestar vår heimebane. Ingenting er avgjort enda og med litt betre uttelling på sjansane, så trur vi at Hødd damene kan skape trøbbel for Træff-laget. 

Det blir ein spennande søndag!

Det blir open kiosk og speakerteneste på kampen. 

Sunnmørsposten streama også kampen på si nettside (krever abonnent).

Vi håper mange tek turen til Høddvoll søndag når Hødd damelag tek i mot Træff til siste og avgjerande kvalikkamp kl. 14.00! 

HEIA HØDD!

Annonse: