Sesongkort 2019

No kan du sikre deg sesongkort til neste års kampar på Høddvoll. Det blir ekstra gode prisar på familiekort 2+2 før jul!

Sesongkortsalet er no opna for 2019-sesongen i PostNord-ligaen. Alle med sesongkort i 2018 kan no fornye sitt kort fram til og med tysdag 15.januar. Husk derfor å gjenkjøpe sesongkortet før fristen går ut. Etter dette blir plassen din fristilt og tilgjengeleg for andre. 

Redusert pris på familiekort i 2019

Vi sett ned prisen for familiekort 2+2 til neste sesong. I 2018 kosta eit slikt kort kr. 2 800,- på hovudtribunen, men i 2019 vil dette koste kr. 2 500,-. Familiekort på Sparebanken Møre tribunen i 2018 var kr. 1 800,-, men vil koste kr. 1 500,- neste sesong. 

Kampanjepris til 24.12.2018

Før jul blir det ekstra gode prisar på familie 2+2 og denne kampanjen varer til og med 24.desember. 

Familiekort hovudtribunen = kr. 2 250,-
Familiekort Sparebanken Møre tribunen = kr. 1 250,-

Tilbodet gjeld til og med 24.12!

Neste år vil ikkje dei aktive sleppe gratis inn på kamp som tidlegare år. Vi oppmoda derfor om å kjøpe familiekort som vil vere det billigaste alternativet dersom ein ønskjer å sjå Hødd sine heimekampar i PostNord-ligaen saman som familie!

Dette får du med sesongkort

- Alle 13 heimekampane i PostNord-ligaen på Høddvoll til prisen av 9.
- Forkjøpsrett på setet ditt til store kampar i NM-cupen.
- Forkjøpsrett på setet ditt til 2020-sesongen.

KJØP SESONGKORT HER!

Sesongkortsal på Høddvollhuset

Pga permittering i administrasjonen vil det kun bli mogleg å kjøpe sesongkort på Høddvollhuset på følgjande tidspunkt neste veke.

Måndag 17. desember kl. 17.00 - 19.00
Onsdag 19. desember kl. 12.00 - 15.00
Torsdag 20. desember kl. 09.00 - 12.00

*Evt. endringa og nye tidspunkt blir lagt ut på vår Facebook-side.

Vi minner om at ein kan bruke opp igjen sesongkortet frå i fjor når det er fornya. Sjølv om det står eit anna årstal på sesongkortet, er det strekkoda som gjeld. Dersom du treng eit nytt kort kan du kome innom Høddvollhuset for ein hyggelig prat.

Forny sesongkortet enkelt på nett

Vi oppmoda alle om å fornye sesongkortet sitt via nett og dette gjer du enkelt ved å gå inn her: 

FORNY SESONGKORTET DITT HER!

Dersom du manglar brukarnamn, send e-post til [email protected] og oppgi namn og plass slik det viser på kortet.

Kontaktperson sesongkortsalet

Ta kontakt med sesongkortansvarleg André Aurvåg Gardshol på e-post: [email protected] eller på telefon 99 54 21 59 dersom du treng hjelp eller har spørsmål. Pga permittering vil han vere tilgjengeleg på e-post og telefon måndag og torsdag fram til jul. Siste frist for å kome innom Høddvollhuset før jul er torsdag 20. desember. 

Annonse: