Seier mot Vidar!

I ein tett og spanande kamp enda det med 1-0 seier borte mot Vidar. Robin Shroot scora kampens einaste mål på overtid!

Det var ein tett og spennande kamp på Lassa gras søndag ettermiddag. Kampen opna jamnt der ingen av laga hadde noko spesielt initiativ i kampen. 

Etter kvart som kampen satt seg meir tok Hødd meir og meir over, og skapte etter kvart fleire store målsjansar. Dessverre var ikkje presisjonen god nok i avslutningane eller så stod Vidar sin keeper i vegen. 0-0 stod seg til pause. 

Etter pausen var det Vidar som var det beste laget, men heldigvis for Hødd mangla vertane den nødvendige presisjonen på sine to opplagte scoringsmoglegheiter. Kampbilete bølga etter kvart fram og tilbake - der begge lag hadde kontringsmoglegheiter. Det såg lenge ut til å ebbe ut til 0-0, men på overtid slo Bendik Rise eit godt innlegg til Peter Hasund. Innbyttaren heada godt, men keeper redda. På returen dukka Robin Shroot opp og sette inn 1-0 til gjestane. Hødd hadde god kontroll etter scoringa og vann med det 1-0 - fortjent ut frå sjansar totalt sett. 

Hødd: Alme, Husebø, Wrele, Sansara, Sætre, Rise, Bjørnebye, Saunes, Shroot (Skotheim 90), Hjelmeseth, Phudithip (Hasund 57). 

Neste kamp for Hødd er heime mot Nardo mandag 10. juni kl. 16.00.

Annonse fra Obos-ligaen: