Seier mot Bergsøy!

Søndag ettermiddag spelte Hødd oppkøyringas nest siste treningskamp mot Bergsøy. Det enda med 7-2 seier!

Hødd tok kommandoen frå start! Allereie etter 15 minutt stod det 3-0 til heimelaget etter to mål av Peter Hasund og eitt av Eirik Franke Saunes. Like etter 3-0 reduserte Bergsøy til 3-1 på eit langskot. Omlag etter halvspelt første omgang scora heimelaget på ny - Peter Hasund etter innlegg frå Daniel Eid! Like før pause var også 5-1 eit faktum - ei reprise av 4-1 målet. Ei spelvending frå venstre mot høgre enda med eit innlegg frå Daniel Eid, som enda opp hjå Peter Hasund som var sikker som banken i avslutningsaugneblinken. Hasund sitt fjerde mål og 5-1 var eit faktum!

Andre omgang var ikkje like god av heimelaget, men dei blå var framleis det dominerande laget. Bergsøy la om formasjonen og Hødd mangla presisjon og rytme i det dei gjor. På ein corner i det 60. speleminutt reduserte Bergsøy til 5-2. Kort tid seinare gjekk Hødd opp til 6-2 med innbyttar Tobias Evebø. Like før slutt fastsette Joachim Osvold sluttresultatet til 7-2 etter eit godt innlegg av Johannes Sundgot. 

Trenar Sander Nyland sa følgjande i ein kommentar etter kampen:
"Vi er fornøgde med prestasjonen i 1. omgang. Mange flotte angrep og vi scorar fem mål. I 2. omgang varierar vi meir, men alt i alt ein godkjent prestasjon!". 

Hødd: Alme, Husebø, Wrele, Sansara (Sætre 46 min), Eid, Saunes, Rise (Shroot 60 min), Phudithip (Evebø 60 min), Sundgot, Brautaset (Osvold 60 min), Hasund (Hjelmeseth 60 min). 

Neste treningskamp for Hødd er 6. april på Høddvoll kl. 15.00 mot Florø! Dette er siste treningskamp før vi er i gang med seriespelet!

Annonse: