SÆTRE OG BRAUTASET HAR SIGNERT

Preben Sætre og Håkon Brautaset signerte begge i dag ein 1-års avtale med Hødd.

Preben Sætre kom til klubben før 2017-sesongen frå Herd og har vore ein viktig bidragsytar for Hødd dei siste to åra. I dag signerte han ein ny 1-års avtale med klubben.

Den hardtarbeidande backen som kan spele i fleire posisjonar blir derfor ein viktig spelar å ha med vidare på laget.

- Eg gler meg utruleg mykje til å ta fatt på nok eit nytt Hødd-år og ser fram til å bli med på klubbens 100-års feiring, seier Preben Sætre.

Håkon Brautaset har gått gradene i Hødd-systemet og hadde ein fin haust i 2018 etter ei skadeperiode i fjor vår. Den offensive spelaren kan spele både kant og spiss, og vil vere ein spanande spelar å følgje med på vidare i 2019. 

Vi gratulerer Preben og Håkon!

Annonse: