RONNY OSNES TILBAKE I HØDD

Ronny Osnes har takka munnleg ja til eit engasjement som keepertrenar i Hødd og blir ein del av trenarteamet til A-lag herrar i 2020.

Ronny skal fortsette i jobben som lærar i 100% stilling og vil samtidig gå inn i Hødd med eit engasjement som keepertrenar i 2020. Her vil han vere med rundt A-lag herrar tre dagar i veka og anna kvar veke, 1 dag med A-lag damer.

Dei siste åra har han vore engasjert i AaFK Fortuna og J19 landslaget.

No er han tilbake i Hødd og vi ser fram til jobben han skal gjere med å utvikle keeperane i Hødd på seniornivå.

Ronny vil også halde fram som keepertrenar for J19 landslaget til Norge og vil derfor i periodar av året vere ute på reise.

Ronny Osnes seier dette i ein kommentar:
- Etter to sesongar ute blir det kjekt å kome tilbake til moderklubben. Sjølv synest eg at eg har lært mykje og utvikla meg siste to åra, både i Fortuna og ikkje minst med J19-landslaget der eg har jobba med flotte og svært dyktige folk. Eg jobba med Kevin der i 2019, og vi prata ein del om Hødd. Det blir spennande og gøy å jobbe med Kevin, øvrig støtteapparat og ikkje minst spelarane. Det blir utfordrande med full jobb ved sidan av, men eg skal gjere alt eg kan for at vi skal lukkast i 2020-sesongen!

Vi ønsker Ronny velkomen tilbake i Hødd!

Med dette går Frode Gjerde ut av trenarteamet. Hødd Fotball ønsker derfor å takke Frode for innsatsen og den jobben han har gjort med keeperane gjennom lang tid i Hødd. Vi ønsker Frode lykke til vidare.

Annonse: