Ronny, Kari Mette og Lars-Petter takkar for seg
Takk for innsatsen i Hødd og lykke til med nye utfordringar!
Torsdag hadde administrasjonen avslutning på Høddvollhuset der Dagleg leiar, Sportssjef og resten av administrasjonen takka Ronny, Kari Mette og Lars-Petter for innsatsen. I tillegg vart det delt ut bilete frå tida i Hødd.
Hødd Fotball ønskjer å takke for innsatsen som alle tre har lagt ned for klubben over fleire år og samtidig ønske alle tre lykke til med nye utfordringar i 2018 og åra framover.