ROBIN HAR SIGNERT FOR NYE TRE ÅR

Robin Hjelmeseth har i dag signert ein ny 3-årsavtale med Hødd.

Robin har vore ein sentra brikke i Hødd-laget i år og vart også toppskorar for Hødd i årets sesong. I tillegg til å spele i Hødd-drakta vil han også fortsette i stillinga si i administrasjonen.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Vår eigen Robin Hjelmseth har hatt ein skikkeleg opptur og har vore veldig god for Hødd denne sesongen.  Etter ein rask prosess har denne karen med snart 200 kamper for Hødd A-lag herrar, forlenga sin avtale med ytterlegare tre år. Hjelmseth har også ei stilling i administrasjonen på økonomi, som han vil fortsette i kombinasjon med det å vere spelar.
 
- Vi er veldig godt nøgd med signaturen til  Hjelmseth, som sikra oss denne lagspelaren i fleire sesongar.  Robin har gode avsluttar ferdigheiter som i år har kome til rette , han er profesjonell og ein viktig kulturberar i klubben.
 
Robin Hjelmeseth: - Veldig glad for å ha signert
- Eg er veldig glad for å ha signert for tre nye år i Hødd. Sesongen 2020 viste ei positiv utvikling i laget, og eg ønsker sterkt å vere ein del av dette også i framtida.
 

Vi gratulerer Robin Hjelmeseth med ny kontrakt!

Annonse: