Storsiger til Hødd-damene

Vann 6-0 mot HaNo etter ein meget god 2.omgong

Hødd sitt damelag er i god hausform og tok sin tredje strake siger i heimekampen mot HaNo onsdag kveld. Starten på kampen var litt som mot Ravn, det vart produsert ein del store sjansa, men presisjonen i avsluttingane mangla. Dermed gikk laga til pause med stillinga 0-0, i ein omgong der Hødd absolutt burde sikra seg ei solid leiing. 

Effektiviteten skulle vise seg å vere langt betre etter pause. Laget spelte seg til mange sjansar etter mykje godt spel, og no kom også skoringane. Anna Nygård Thunem (3) Ragnhild Ertesvåg (2) og Caroline Overvåg var Hødd sine målskorarar i ein kamp som sikra Hødd tre nye poeng og ein pluss i forhold til målskilnaden. Volda spelte tysdag kveld mot Blindheim/Fortuna og vann 4-1, og dermed har Hødd framleis ei luke på seks poeng ned til Volda som ligg på 2.plassen. Neste kamp for Hødd-damene er onsdag 12.september borte mot Hareid.   

Hødd: 

Heggstad, Bakke, Nevstad, Helvig, Gustavsen, Ertesvåg, Stave, Aahjem, Ertesvåg, Thunem, Overvåg. 

Innbytte: Holstad, Rekdal, Eikrem Sande

PS! Takk til mangeårig og trufast Hødd-supportar Hans-Christian Ødegård som ordna båt-transport til Therese Holstad slik at ho kom seg tilbake til Yksnøy og klassetur etter kampen!  

Annonse: