RAMZI TOURE IDRISSOU KLAR FOR HØDD

Ramzi Toure Idrissou har i dag signert ein avtale med Hødd ut 2021-sesongen! Foto: Privat.

Ramzi kjem frå Oslo, men har dei siste 3 åra studert og spelt fotball i USA. Før studiane spelte han for Oslo klubben Oppsal. Ramzi var på prøvespel i Hødd i førre veke og var også i aksjon mot Molde FK  på Aker Stadion i årets første treningskamp. Ei spennande signering som vi gler oss til å sjå i aksjon i årets PostNord-liga avd. 1!   

Ramzi signerte i dag ei toårskontrakt med Hødd og spelar i Hødd-drakta ut 2021-sesongen!

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:

- Ramzi Toure Idrissou har skreve ei 2 års kontrakt med Hødd. Han er oppvaksen i Oslo, med foreldre med bakgrunn frå Togo. Han er ein utadvendt kar som tidleg valte å flytte til USA, der han såg ei betre moglegheit til å kombinere idrett og utdanning. Med Ramzi får vi ein kraftfull midtstoppar på 195cm, ein sterk duellspelar med bra fart.

Ramzi kommenterer dette til Hødd:

- Eg er utruleg glad for å bli ein del av ein så historisk klubb som Hødd. Eg er ivrig etter å kome i gang med laget. Hødd har klare planar og eg ønsker å bidra med det eg kan for at klubben når sine mål. 

Vi er ønsker Ramzi velkomen til Hødd!

FAKTA

  • Namn: Ramzi Toure Idrissou

  • Fødd: 31. juli 1996

  • Posisjon: Midtstoppar

  • Tidlegare klubbar: Oppsal (moderklubb), Atlanta SC (USA)

Annonse: