Rafa til toppklubb i Sverige

IL Hødd Fotball og Østersunds FK vart tirsdag enige om ein avtale som gjer at Rafa flytter til Østersund etter helgas kamp mot Stjørdals-Blink. Han har signert ein avtale på 3,5 år med den svenske klubben.

Rafael Roldan Bermudez kom til Hødd i januar 2017 i stillinga som fysisk trener. Han har frå første dag utført jobben med stort engasjement og gjort ein veldig god jobb. Dei siste to vekene har det vore dialog med Østersunds FK som har vist interesse for å knyte til seg Rafa i trenar-teamet. Østersunds FK ligg i dag på 5.plass i Allsvenskan, og tilsette tidlegare i sommar Ian Burchnall som hovudtrenar. IL Hødd Fotball og Østersunds FK vart tirsdag enige om ein avtale som gjer at Rafa flytter til Østersund etter helgas kamp mot Stjørdals-Blink. Han har signert ein avtale på 3,5 år med den svenske klubben.

-Rafa har gjort ein veldig god jobb for oss noko vi er svært takksame for. Når Østersunds FK tok kontakt var det sjølvsagt fleire hensyn å ta i vurderingane, men etter ein god og konstruktiv dialog med både Østersunds FK og Rafa vart vi einige om ein avtale som alle partar er fornøgd med. Det er ei stor tillitserklæring både til Hødd og Rafa at klubbar på dette nivået ser mot Ulsteinvik og Hødd når dei skal knyte til seg dyktige folk, seier sportssjef Andrè Nevstad.

-Vi har ein plan på korleis vi kan bruke dei trenar-ressursane som i dag er tilgjengelig, slik at vi får utført dei oppgåvene som Rafa har hatt på ein best mulig måte - men det betyr også at vi må organisere oss på ein litt annen måte, seier Nevstad som på vegne av klubben vil takke Rafa for det gode arbeidet han har lagt ned og ønskjer han lukke til i Østersunds FK.

Ulsteinvik 02.08.2018

Annonse: