PREVIEW: STJØRDALS-BLINK - HØDD

Laurdag ettermiddag tek Stjørdals-Blink imot Hødd til årets første serierunde på Nye Blinkbanen. Kampstart kl. 15.00!

Seriestart i PostNord-ligaen

Endeleg er det klart for seriestart etter ein lang vinter! Første test er borte mot nyopprykka Stjørdals-Blink laurdag kl. 15.00.

Les meir om kampen under.

Gode resultat i oppkøyringa

Etter fleire gode resultat i treningskampane i oppkøyringa er vi no i gang frå laurdag av med kampar i PostNord-ligaen. 

Hødd har gjennomført gode kampar mot til dømes Sogndal og Florø i vinter og har visst at dei har eit høgt toppnivå inne. 

Nye spelarar som har kome til Hødd er Marius Hagen, Joakim Wrele, Jonas Mathiesen, Joachim Osvold og Markus Naglestad. I tillegg har Johannes Sundgot, Peter Hasund og Isak Skotheim tatt opp i A-stallen frå rekruttlaget. 

Om Stjørdals-Blink

Stjørdals-Blink er etter eit kort opphald i 3. divisjon tilbake i 2. divisjon. Dei vart, som med mange andre lag, tatt av reformasjonen av divisjons- og avdelingssystemet, sidan dei i 2016 enda på 8. plass og 38 poeng, noko som vanlegvis var ei trygg plassering. Dei var i tillegg berre 1 poeng frå å halde seg i divisjonen. Dei hadde m.a.o. maks uflaks.

I den påfølgande sesongen vann dei avdelinga si soleklart med heile 16 poeng ned til nestemann, så dei har vist at dei høyrer heime i PostNord-ligaen.

Bladet - God kontroll i generalprøva

I generalprøva laurdag 7. april vann dei 2-0 mot Byåsen i ein kamp der dei, i følgje ”Bladet” hadde god kontroll.

- ”1. omgangen var grei nok, og vi gjør en del bra. Men de siste 45 minuttene var litt rotete. Da var det ikke all verden det vi presterte.”, seier Stjørdals-Blink sin hovudtrenar Are Tronseth.

Tronseth - Vi gleder oss

- ”Vi gleder oss og venter på Hødd. Det har vært en lang vinter, og det blir noe annerledes med seriekamper sammenlignet med treningskamper. Jeg tror vi er der vi skal være.” Dette var publisert i ”Bladet” 7. april.

Spelarprofilar på Stjørdals-Blink

Det er godt mogleg at notoriske Nedzad Sisic også får plass i lagoppstillinga. Han er kjend for å score mykje mål, deriblant 35 mål i 2013. Han er spiss, og i 4-3-3-systemet så passar han ikkje heilt inn, men han er ein spelar av såpass god kvalitet så ein kan også sjå for seg han i lagoppstillinga. Elles blir det spennande å sjå om Marius Augdal er klar til å spele. Han er ein god spelar på dette nivået, som er på lån frå Ranheim, men har vore lenge ute etter operasjon og er ikkje heilt i kampform enno. Dersom han er klar, så spelar han.

Spelaren Hødd må sjå opp for er spiss Sondre Hopmark Stokke. Han scora nemleg 32 mål på 28 kampar i fjor, altså meir enn 1 mål i snitt per kamp. I tillegg scora han begge måla i generalprøva på laurdag mot Byåsen, og han har putta 25 mål til saman dei to siste sesongane i 2. divisjon. I 2014-sesongen scora han utrulege 48 mål på 28 kampar for Strindheim. Han har m.a.o. ei nase for mål. Han er frå Stjørdal kommune, så han er i tillegg lokal, noko som Blink-fansen set ekstra stor pris på. Noko anna som gjer han til yndlingen blant trønderane er at han i vinter takka nei til klubbar høgare i divisjonssystemet, deriblant Ranheim. Det blir viktig å sjå opp for Stjørdal-Blink sin goalgetter!

Om kampen

Stjørdals-Blink er nok ekstra motiverte i første heimekampen etter opprykk og vil nok legge ned ein stor innsats i denne kampen. Vi kjem nok til å få sjå ei slags Ranheim-effekt der Hødd må vere klare frå start og passe på å ikkje sleppe inn først, i motsetning til det Stabæk gjorde. Begge lag har hatt solide generalprøver der det vart siger og null mål imot. Hødd har vist gode takter i fleire av treningskampane i vinter og ser ut til å vere i rute til seriestart. Kampen kan fort starte med eit press frå Stjørdals-Blink, men vi trur laget viser rutine, gjennomfører ein god kamp, og tek 3 poeng i første seriekamp i PostNord-ligaen i 2018!

Korleis kan eg sjå eller følge kampen live?

Kampen blir streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent). I tillegg vil Vikebladet ha live oppdatering frå kampen på sine nettsider. 

I tillegg vil vi legge ut bileter frå turen på Snapchat og vår Facebook-side. Det vil også bli oppretta ein kamptråd der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

Etter kampen vil det bli lagt ut videhøgdepunkt frå kampen. For kampreferat, sjå Sunnmørsposten eller Vikebladet.

HEIA HØDD!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • NYE BLINKBANEN

  • 14.04.2018 KL. 15:00

Annonse: