PREVIEW: HØDD - KRISTIANSUND BK

Torsdag kl. 18.00 er det duka for storoppgjer i cupen på Høddvoll! Hødd tek imot Eliteserie-laget Kristiansund!

Venta mykje folk på kampen

Det er duka for storoppgjer når KBK gjestar Høddvoll torsdag kveld. To gode lag møtast til duell og kampane innbyrdes har vore jamne mellom laga, noko vi også trur det blir denne gongen også.

Det er venta mykje folk på stadion i morgon og førehandssalet har vore svært godt. Billettsalet til borteseksjonen har også vore bra og alt ligger til rette for ein kamp med god stemning! 

Om Kristiansund BK

Kristiansund Ballklubb rykka opp til Eliteserien i 2016 etter å ha enda på førsteplass og vunne OBOS-ligaen. Dei tilbrakte fire sesongar i OBOS-ligaen før opprykket, sidan dei rykka opp frå 2. divisjon i 2012. Då samarbeidsklubben vart stifta i 2003, tok dei over plassen til Clausenengen og starta i 3. divisjon. Dei klarte faktisk å rykkje opp den første sesongen, etter å ha slått Volda i kvalifiseringa om opprykket. Fjorårets sesong var svært sterk frå KBK. Etter å har rykka opp meinte mange at dei kom til å rykke rett ned igjen, men dei stilna alle kritikarane og enda på øvre halvdel på øvste nivå. Med -2 i målforskjell og ti sigrar, ti uavgjorte kampar og ti tap, kan ein seie at dei leverte stabilt. 

Sesongen har starta litt ”tråare” enn i fjorårets sesong, men dei har levert godkjend hittil. Dei har vore svært solide bakover, og har sluppe inn tredje minst mål (9 mål) saman med ein god del fleire lag. Framover på bana har ikkje alt gått på skinner hittil. Dei har scora tredje minst, her også 9 mål. Dei har tatt poeng borte mot sjølvaste Rosenborg og var nære å skaffe seg uavgjort på Brann Stadion også, mot Noregs store formlag. KBK har hittil ikkje tapt med meir enn eitt mål, men har heller ikkje vunne med fleire enn eitt mål, noko som viser at alle kampane deira har vore jamne. Utanom cupkampane mot Sunndal og Bergsøy som enda henhaldsvis 0-4 og 0-6. Dei har ikkje tapt på seks kampar dersom ein tel både ligaen og cupen, og førre kamp mot Stabæk enda i ein 1-0-siger. Hødd møter derfor eit lag i god form.

Forsvaret og stabilitet er, som sagt, styrkane til laget frå Nord-Møre. Dei stiller nok bortimot sitt beste lag i denne kampen, sidan dei allereie har kome seg forbi dei to første rundane. Dei møter no, ein god del betre motstand i Hødd enn det dei har møtt tidlegare, noko som også talar for at dei stiller eit bra lag. 

Spelarprofilar på Kristiansund BK

Kaptein Dan Peter Ulvestad har vore KBK sin forsvarsbauta, kaptein og leiar i ei årrekkje. Han vart kåra til årets spelar i klubben i 2013 og har vore ein stor del av ”Uglan” sin framgang. Venstreback Erlend Sivertsen har vorte utfordra av tidlegare Hødd-spelar Christoffer Aasbak om plassen, men det verkar som om han har gjort plassen til sin. Han har vorte kåra til årets spelar i klubben heile to gongar, og er ein svært stabil spelar. Midtbanespelar Stian Aasmundsen har hatt ein god start på sesongen der han har scora to og assistert to mål, noko som er sterke tal sidan han ikkje spelar frykteleg langt framme på bana. 

KBK har mange gode alternativ framover på bana. Daouda Bamba har vore i svært god form hittil i sesongen og står oppført med fire mål og ein assist. Det er over 50 % av det han scora i heile fjor. Midtspiss Benjamin Stokke var vital i fjorårets imponerande sesong, der han var involvert i heile 14 mål. Ving Torgil Gjertsen viste på hausten i fjor at han høyrer heime i det øvste sjiktet av Eliteserien. Han enda med heile 12 målpoeng, og nesten alle kom på hausten. Han har ikkje kome like bra i gang denne sesongen p.g.a. skader, men er absolutt ein spelar Hødd bør passe på. 

Om kampen

Etter ein sterk siger i førre runde av cupen mot Florø, møter Hødd mykje betre motstand i Kristiansund BK, eit lag som spelar to divisjonar over. KBK kjem til Høddvoll med god form, og kjem til å spele med sjølvtillit. Hødd på si side vann heilt på tampen mot Vålerenga 2 førre måndag, og det har definitivt spelt positivt inn på både lagmoral og sjølvtillit. Heimelaget må heve seg spelemessig frå førre kamp, men dersom dei kan levere omtrent på same eller litt høgare nivå enn det dei gjorde mot Florø, så er det absolutt moglegheiter for å detonere ei cupbombe. Det lengste KBK har kome i cupen var kvartfinala i fjorårets sesong, medan vi alle veit Hødd sine tradisjonar i denne turneringa. Det er alltids lov å håpe på ein liknande augneblink som på overtid i førre runde, og at Hødd si spesielle kopling løftar laget til avansement saman med ”cupfeber” og kanonstemning på Høddvoll.

Møt opp kl. 18.00 for å vere med på cupfesten. Køyr på Hødd!

Korleis kan eg sjå elle følge kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll torsdag kveld for å støtte dei blåkvite til avansement til 4. runde i NM!

Kampen blir også streama på NRK.no for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram. 

Etter kampen vil det bli lagt ut eit kampreferat, samt videohøgdepunkt frå kampen.

Dagens kampsponsor

Annonse: