PREVIEW: HØDD - KJELSÅS

Søndag tek Hødd imot Kjelsås til heimekamp i PostNord-ligaen avd. 1. Kampstart kl. 13.00!

Ny kamp på Høddvoll søndag når Kjelsås kjem på besøk! Hødd tok 3 poeng mot Moss i førre heimekamp og ynskjer å fortsette i same spor søndag mot Kjelsås. Hødd har hatt ei god treningsveke, er godt førebudde og klare for ny kamp på Høddvoll!

Få siste nytt om kampen under!

BILLETTINFORMASJON

Alle som har kjøpt billett på nett eller på Høddvollhuset viser fram billetten ved inngangen. Dette gjeld dei som har private sesongkort på hovudtribunen og Blåsarane sine sesongkort på ståtribunen.

Alle andre som har registrert seg via ulike registreringsskjema møter også opp ved inngangen og vaktene vil då krysse av namnet ditt i lista. Dette gjeld frivillige, sponsorar, spelarar, fotballstyret, osv. Alle som har vore inne å registrert seg på førehand. Vaktene har oppdaterte lister ved inngangane. 

Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på kampdag inntil vidare.

TIPPEKONKURRANSE HØDD - KJELSÅS

No kan du tippe resultatet i kampen mellom Hødd og Kjelsås. Alle som tippa rett resultat er med i trekninga av ei fruktkorg sponsa av vår samarbeidspartnar Rema 1000. Siste frist for å tippe er søndag kl. 13.00! Trykk her for å bli med på Tippekonkurransen!

KNAPPEN: - VI ER PÅ RETT VEG

Hødd var svært nære med å ta poeng borte mot Fredrikstad i det vi må seie var ein god kamp av oss. Kva tek vi med oss vidare frå den kampen og inn i heimekampen mot Kjelsås til helga?
- Vi tek med oss ein solid prestasjon, men vi er ikkje tilfreds med at poenga vart igjen i Fredrikstad. Men det var eit betre kollektiv i denne kampen enn i serieopninga. Sann sett, er vi på rett veg. 
 
Hødd starta sesongen på heimebane med å slå Moss 2-1 på Høddvoll og no ventar Kjelsås til helga. Korleis ynskjer trenarteamet å angripe heimekampen mot Kjelsås?
- Vi ynskjer å vinne kvar kamp vi spela, og vi ynskjer å bestemme på Høddvoll. Kvar kamp du spelar for Hødd er stor, og dette er berre ein av dei. 
 
Korleis har treningsveka vore? 
- Den har vore god, vi trenar for gode opplevingar. Vi har jobba med utvikling av eige spel opp mot komande motstandar. 

 

KAMPEN: - PERFEKT UTFORDRING FOR OSS

Hovudtrenar for Kjelsås Eivind Kampen seier dette i eit videointervju på Facebook-sida til Kjelsås før kampen mot Hødd.
- Vi møter eit veldig godt og robust fotballag i Ulsteinvik og det er ei perfekt utfordring for oss no etter det vi har levert i det siste. Vi må opp å vere litt vaksne igjen, matche energi og det er derfor ei fin oppgåve for oss til helga. 
 
- Vi er ikkje heilt sikre enda på kven som reiser oppover, då nokre av spelarane må igjennom nokre testar heilt på tampen her, men vi stiller med eit veldig, veldig godt lag, det veit eg allereie. Eg føler meg veldig trygg på at vi skal svare no. Vi gleder oss til kamp!

Vi trur Kjelsås startar med same lag som i førre heimekamp mot Alta der laget tapte 2-3 på Grefsen kunstgras. Frå første kampen er det kun keeperplassen det er bytta på etter dei to første serierundene. Kjelsås ynskjer nok å slå tilbake raskt etter heimetapet mot Alta og vi trur ikkje på dei store endringane i lagoppstillinga. Akinyemi vart tidleg bytta ut i førre kamp og er nok ein av dei som må testast før avreise til Ulsteinvik.

Kjelsås var før sesongen tippa som ein av opprykksfavorittane og enkelte tippa dei også på 1. plass etter endt sesong. Det blir derfor spanande å sjå om dei klare å leve opp til favorittstempelet i årets sesong. Vi trur uansett Kjelsås vil vere med heilt oppe i toppen og vere ein av dei 7 laga som spelar sluttspel om opprykk på hausten.

I 2019 enda laget på ein 3. plass og var 4 poeng bak Grorud som rykka opp til OBOS-ligaen. Kjelsås scora i fjor 50 mål og slapp inn 30 mål. 

Historisk sett har Kjelsås hatt eit godt tak på Hødd og faktisk kom ikkje første Hødd sigeren mot Kjelsås før i 2018 når vi sist spelte mot dei. Då vann Hødd begge oppgjera, både heime og borte. På Grefsen stadion vann Hødd 0-2 og seinare på hausten vann Hødd 2-1 på Høddvoll. Vi håpar derfor at vi fortsette i same spor som i 2018 og slår Kjelsås når dei gjestar Høddvoll søndag!

Innbyrdes oppgjer
20.10.2018: Hødd - Kjelsås 2-1
21.07.2018: Kjelsås - Hødd 0-2
05.08.2001: Kjelsås - Hødd 1-1
06.05.2001: Hødd - Kjelsås 0-1
21.07.1999: Hødd - Kjelsås 0-0
27.05.1999: Kjelsås - Hødd 3-0
02.08.1998: Kjelsås - Hødd 4-2
30.04.1998: Hødd - Kjelsås 2-3

 

SPONSORPROFILERING

Saka held fram etter sponsorpresentasjonen.


 

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekampar vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

TROPP

Marco Priis Jørgensen, Ole Monrad Alme, Jens Husebø, Joakim Wrele, Ramzi Toure, Netan Sansara, Martin Mork Breivik, Preben Sætre, Ola Heltne Nilsen, Emil Solnørdal, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Paul-Henri Moussinga, Isak Skotheim, Bam Phudithip, Simon Texas Silverholt, Sindre Kleiven, Robin Hjelmeseth, Melvin Frithzell, Robin Shroot.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Kjelsås!

DAGENS KAMPSPONSOR

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • HØDDVOLL

  • 26.07.2020 KL. 13:00

Annonse fra Obos-ligaen: