PREVIEW: HØDD – STJØRDALS/BLINK

Søndag ettermiddag tek vi imot det nyopprykka laget Stjørdals/Blink til dyst. Kampstart kl. 16.00!

Med i opprykkskampen!

Etter halvspelt sesong er Hødd på 2. plass, kun eitt poeng bak serieleiar Skeid. Hødd er for fullt med i opprykkskampen og det blir med andre ord ein spennande haust!

Etter eit skuffande resultat sist, så håper vi å sjå eit heiltent Hødd-lag som kjem tilbake på vinnarsporet igjen mot Stjørdals-Blink. 

Søndagens kampprogram vil vere tilgjengeleg ved inngangane på hovudtribuna. Du kan også sjå kampprogrammet her!

Les meir om søndagens motstandar under.

Om Stjørdals-Blink

Stjørdals-Blink er etter eit kort opphald i 3. divisjon tilbake i 2. divisjon. Dei vart, som med mange andre lag, tatt av reformasjonen av divisjons- og avdelingssystemet, sidan dei i 2016 enda på 8. plass og 38 poeng, noko som vanlegvis var ei trygg plassering. Dei var i tillegg berre 1 poeng frå å halde seg i divisjonen. Dei hadde m.a.o. maks uflaks. Neste sesong, derimot, var av den svært gode sorten. Etter nedrykket året før, knuste dei konkurrentane sine og vann avdelinga soleklart med heile 16 poeng ned til nestemann.
 
Denne sesongen har vore over all forventning for Trøndelags-laget. Dei vart av mange tippa som klare nedrykkskandidatar, men ligg per dags dato på ein sterk 8. plass. Ja, det er ikkje mange poenga ned til ”streken”, men det er jammen ikkje mange poenga opp heller. Det er jo trass alt ei superjamn avdeling. Sigrar borte mot Arendal, borte mot Nardo, 4-0 mot Vard og 3-1 mot Vidar har vist at Blink er eit lag som høyrer heime på dette nivået. Held dei fram på same vis, så kjem dei til å halde seg over ”streken”, men det skal ikkje store formduppen til før ein plutseleg er nede i ”sumpen” igjen.

Spelarprofilar på Stjørdals-Blink

I ”buret” finn vi Jørgen Vordal, som har teke plassen framfor keeperkollega Thomas Lia. Lia vart kjøpt inn i vinter og var forventa å verte førstevalg, men Vordal har imponert og gjort plassen til sin eigen. På høgrebacken finn vi nok ein ny-innkjøpt spelar i Lars Ramstad. Han vart kjøpt frå Strindheim og har lang erfaring på dette nivået. Han har vist seg som ei god signering for laget. Midtstopparane Vegard Fiske og Bjørnar Hove er også svært rutinerte spelarar. Kaptein Fiske har vore ei berebjelke dei siste tre åra, medan Hove har vist seg som ei svært god signering frå Florø. På venstreback har ungguten Glenn Walker fått sjansen i det siste. Han har tidlegare vore innom Rosenborg, noko mange unge, fotballspelande trøndarar har.
 
På midtbana finn vi fleire gode spelarar. Sander Erik Kartum har vore i Blink sidan 2012, og har mykje erfaring på dette nivået. Anders Nygaard er den balanserande krafta i laget, og er ein god spelar på dette nivået. Marius Augdal er henta på lån frå Eliteserie-klubben Ranheim, og han er ein av dei beste spelarane på dette nivået. Ein viktig spelar framover på bana for Blink. På flankane finn vi Rye og Sollihaug, to raske spelarar med eit auge for mål. I tillegg er dei ganske kreative og kan diske opp med gode gjennombrotspasningar og innlegg. Midtspiss Sondre Stokke er Blink sin klart viktigaste spelar. Han har scora 6 mål hittil, og er dermed toppscoraren deira. Han er kjend for å vere ein målsnik av rang. I 2014 scora han 48 (!) mål på 28 kampar for Strindheim.

Om kampen

Både Hødd og Stjørdals-Blink tapte førre kamp, så vi kjem til å sjå to revansjelystne lag på Høddvoll søndag. Vi håper og trur dei blåkvite kjem tilbake til den standaren og nivået dei har visst resten av sesongen og tek 3 poeng mot Stjørdals-Blink! Vi gler oss til kamp og håper du møter opp for å støtte gutane til 3 poeng. Heia Hødd!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll søndag ettermiddag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Billett til kampen kan du kjøpe her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram. 

Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt frå kampen.

Dagens kampsponsor

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 05.08.2018 KL. 16:00

Annonse: