PREVIEW: FLØY-FLEKKERØY – HØDD

Søndag kl. 13.30 er det duka for sesongens tredje siste seriekamp i PostNord-ligaen avd. 2!

Om Fløy-Flekkerøy

Fløy-Flekkerøy vart stifta 29. juli 1950, og held til på Flekkerøya i Kristiansand. Sidan 1999, då dei rykka opp frå 4. divisjon, har dei enten vore i 3. eller 2. divisjon. Frå 2000 – 2004 og i 2017 var dei i 3. divisjon, medan frå 2005 – 2016 og no i 2018 har dei vore og er i 2. divisjon. Dei har m.a.o. fluktuert litt mellom nivåa. Grunnen til mange nedrykk i 2016 var divisjonsreforma, der mange lag tok turen ned ein divisjon, og det var berre dei ”sterkaste” som stod att. Dette var ikkje tilfellet for Fløy som knapt vann ein kamp og hamna nedst med berre 9 poeng. Nedrykket var m.a.o. fullt fortent. I sitt korte opphald i 3. divisjon var dei totalt overlegne og rykka opp med heile 14 poeng ned til lag nummer to. Dei scora bra med mål (72 mål), men det var det tette forsvaret som utgjorde forskjellen (29 mål imot).
 
Sjølv om Fløy er nyopprykka, så har mange tippa dei til å hamne på øvre del av tabellen. Dei hadde ein ganske god vårsesong, men i det siste har det byrja å gå dårlegare for laget frå Vest-Agder. Dei har tapt fire av sine siste fem kampar, og det har verkeleg runne inn bakover på bana. Dei har slept inn minimum to mål i alle desse kampane, og 0-5-tapet heime mot Vidar var nok det som var botnpunktet i det heile. Dei fekk med seg ein uavgjort borte mot Brattvåg sist, så det kan hende at laget er litt ”på gang” igjen. 

Spelarprofilar på Fløy-Flekkerøy

”I buret” er det Andreas Hoppestad som har fått tillit framfor Mats Olsen denne sesongen. Hoppestad er generelt sett ein stabil keeper og er god på det meste som målvakt. På høgrebacken finn vi Torje Wichne. Han er ein offensiv back som dekkjer mykje areal på høgresida. I midtforsvaret er det Johan Naglestad og Nils Petter Andersen som tek plass. Dei er to av nøkkelspelarane til laget, og held nivået svært bra. På venstrebacken kjem mest sannsynleg Sebastian Fredriksen til å innta posisjonen. Han kan også spele som ving, så han er definitivt betre offensivt enn defensivt. Ein bør passe på sugne overlappar på venstresida. Den siste brikka i det defensive puslespelet er kaptein John Olav Norheim. Han fungerer som eit anker i dette laget, sjølv om han også er svært god som midtstoppar. Han er ekstremt viktig for Fløy.
 
På indreløparplassane saman med Norheim finn vi Mikael Ugland og Henrik Andersen. Ugland er ein svært spennande spelar. Han har sine ferdigheiter primært offensivt, og har spelt for U-18-landslaget i lang tid. Ein målfarleg midtbanespelar der, altså. Andersen er flaska opp i klubben, og er ein typisk box-to-box-spelar. Han er faktisk klubbens toppscorar i avdelinga, så pass på for sugande løp frå djupet!
 
Heilt framme på bana kjem vi nok til å få sjå ein målfarleg trio. På høgrekanten finn vi Lasse Sigurdssen som har, i likskap med Mikael Ugland, kome på lån frå Start. Dette er eit klubbsamarbeid Fløy nyt godt av, og Sigurdssen er ein spennande spelar. Han er driblesterk og har eit bra rykk. På den andre flanken finn vi nok Dardan Dreshaj. Han er eigentleg ein typisk nr. 9, men har spelt litt på sida også. Dreshaj er svært målfarleg og ein må passe på å ikkje la han få nok rom i og rundt 16-meteren. Midtspiss Jakob Toft er eit bra oppspelspunkt som kom frå Jerv før sesongen. Han har scora tre mål denne sesongen, men i hans rolle skal han bidra med meir enn mål, litt som Olivier Giroud for Chelsea og Frankrike.

Magnus og Markus skora i 2-1 sigeren på Høddvoll

Om kampen

Dette blir ein ”must win”-kamp dersom vi vil halde tabellnaboane unna. KFUM og Egersund er dei som er nærast, men også Bryne er like bak dersom det ikkje skulle bli 3 poeng søndag. Vi satsar på at laget gjer som i kampane mot topplaga Skeid og Arendal, og kjem heim med tre poeng til Høddvoll. Dersom dette skjer, så skal det mykje til for at nokon skal ta frå Hødd ei topp 2 plassering i årets PostNord-liga avd. 2. 

Sindre - Vi gler oss!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Vi håper dei som er i området tek turen på kamp å støttar dei blåkvite til 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet.

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • ARKICON ARENA FLEKKERØY

  • 14.10.2018 KL. 13:30

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Brattvåg Brattvåg 3 2 0 1 8 3 5 6
2 Viking 2 Viking 2 3 2 0 1 8 6 2 6
3 Arendal Arendal 3 2 0 1 4 3 1 6
3 Jerv Jerv 3 2 0 1 4 3 1 6
5 Brann 2 Brann 2 3 2 0 1 7 7 0 6
6 FK Eik Tønsberg 871 FK Eik Tønsberg 871 3 1 2 0 5 4 1 5
7 Sotra Sotra 3 1 2 0 3 2 1 5
8 Vard Haugesund Vard Haugesund 3 1 1 1 4 3 1 4
9 Fløy-Flekkerøy Fløy-Flekkerøy 3 1 1 1 5 5 0 4
10 Ørn Horten Ørn Horten 3 1 0 2 4 4 0 3
11 Lysekloster Lysekloster 3 1 0 2 4 6 -2 3
12 Kvik Halden Kvik Halden 3 0 2 1 3 8 -5 2
13 Hødd Hødd 3 0 1 2 4 6 -2 1
14 Notodden Notodden 3 0 1 2 1 4 -3 1

Annonse: