PREVIEW: FREDRIKSTAD - HØDD

Laurdag spelar Hødd borte mot Fredrikstad i PostNord-ligaen avd.1. Kampstart kl. 16.00!

Etter ein flott start på sesongen der vi vann 2-1 heime mot Moss på Høddvoll, er vi no klare for 2. runde i PostNord-ligaen borte mot Fredrikstad. 

Fredrikstad vann også sin første kamp borte mot Florø, og i kampen vart det scora heile 7 mål totalt. Etter ein halvtime leia heimelaget Florø 2-1, men Fredrikstad snudde kampen og vann til slutt 3-4.

Les deg opp om kampen her!

KNAPPEN: - VI SKAL VERE GODT FØREBUDDE

Ein viktig siger i første serierunde mot Moss heime på Høddvoll. Kva tek vi med oss frå den kampen inn mot bortekampen mot FFK?
- Tre poeng er det som tel i ei serieopning og ofte ser vi at desse kampane lever sitt eige liv. Det såg vi også i denne kampen, der det ikkje blei nokon fintspelande kamp, men ein kamp der det lugga litt spelemessig, og du heile vegen må krige for å vinne marginar som avgjer fotballkampar.
 
Kva slags kampbilete trur ventar for Hødd borte mot FFK?
- Vi vil nok tru at FFK vil føre sine kampar, spesielt på heimebane. Vi såg også at dei hadde ei offensiv tilnærming til bortekampen mot Florø. Vi ser no for oss ulike scenario og vi skal vere godt førebudde på det som måtte møte oss i denne kampen.
 

JOHANSEN: - KJEM TIL Å KREVJE MYKJE AV DET OFFENSIVE SPELET VÅRT

- Endeleg er det heimekamp igjen og vi gleda oss til å fortsette den gode trenden vi har hatt over ei lang periode. Stilen vår skal gå fort og direkte i framover med mange folk, og i tillegg må vi balansere dette med eit godt forsvarsspel utan at vi tek vekk den offensive slagkrafta. Vi møter truleg noko heilt anna i helga enn det vi gjorde i Florø. Hødd spelar normalt i ein stram og kompakt 4-4-2 med mange spelarar på riktig side av ballen, så det kjem til å krevje mykje av det offensive spelet vårt for å bryte dei ned. Nykjelen i denne kampen, som i andre alle andre kampar er å ha tempo i spelet i lengderetninga. Vi gleda oss til utfordringa!

Korleis ser skadesituasjonen ut?
- Love Reuterswärd er framleis ute i 1-2 veker, mens Ludvig Begby i verste fall går glipp av heile sesongen. Utover det er alle mann friske og raske!
 

Les kva Fredrikstad FK seier på si heimeside om kampen her!

UAVGJORT 1-1 BORTE MOT FFK I FJOR


 

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdagar. Ta derfor turen til Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

TROPP

Ole Monrad Alme, Marco Priis Jørgensen, Emil Solnørdal, Joakim Wrele, Ramzi Toure, Netan Sansara, Jens Husebø, Paul-Henri Moussinga, Bendik Rise, Isak Skotheim, Eirik Franke Saunes, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Simon Silverholt, Melvin Frithzell, Bam Phudithip.

Vi ynskjer laget lykke til i bortekampen mot Fredrikstad FK!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • FREDRIKSTAD STADION

  • 18.07.2020 KL. 16:00

Annonse: