PREVIEW: EIDSVOLD TF - HØDD

Søndag spelar Hødd borte mot Eidsvold TF i PostNord-ligaen avd. 1. Kampstart kl. 15.00!

Søndag er det klart for ny bortekamp og motstandar er Eidvold TF. Vi møter eit lag som har fått det tøft i dei siste tre kampane med heile 16 mål imot, og det skal derfor vere gode sjansar for årets første 3 poengar på bortebane om vi presterer på det nivået laget viste sist mot Alta. 

Få siste nytt om kampen under!

EIDSVOLD TF

Vi trur hovudtrenar Joakim Dragsteg gjer endringar i start 11aren i kampen mot Hødd etter fleire svake forestillingar i dei siste kampane. 
Eidsvold TF tapte årets første kamp heime mot Kvik Halden. Deretter vann laget tre strake, men laget har vist varierande form etter dette og står med tap i 4 av dei 5 siste kampane. Bakover renne måla inn for tida og fortsette Hødd å skape like mykje målsjansar som i dei to siste kampane, så skal det vere mogleg å ta årets første 3 poengar!
 

I 2019 vann Eidsvold TF avdeling 1 i Norsk Tipping-ligaen suverent med sine 68 poeng. Eidsvold TF scora i fjor 73 mål og slapp inn 17 mål. Som nyopprykka lag til PostNord-ligaen, så har laget eigentleg klart seg fint til no i årets sesong.

Innbyrdes har ikkje laga møtt kvarandre tidlegare og det er derfor første oppgjeret mellom laga.

HØGDEPUNKT BRATTVÅG - EIDSVOLD TF


BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekampar vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Eidsvold TF!

 

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • MYHRER

  • 13.09.2020 KL. 15:00

Annonse: