PREVIEW: EGERSUND - HØDD

Søndag kl. 15.00 spelar Hødd bortekamp i Rogaland mot Egersunds IK. Egersund har fått ein svak start på sesongen, medan dei ”blåkvite” er høgtflygande etter ein fenomenal cupsiger mot Kristiansund.

Kan nærme seg serieleiar KFUM med siger

Etter ein viktig 3 poengar mot VIF 2 på overtid i forrige heimekamp i PostNord-ligaen er Hødd for fullt med i toppen av avd.2. Med siger søndag vil Hødd ta over 2. plassen på tabellen og kun vere 1 poeng bak serieleiar KFUM. 

I ein sterk, solid og fortent siger i NM mot Eliteserielaget Kristiansund BK torsdag fekk Hødd visst kva som bur i laget. Dette er viktig å bygge vidare på no når Egersund står på motsatt halvdel søndag.

Vi håper dei blåkvite gjenskapar denne prestasjonen søndag og tek nye 3 poeng borte mot Egersunds IK.

Om Egersunds IK

Egersund har vore i 2. divisjon sidan dei rykka opp i 2011. Ein kan altså kalle dei eit stabilt 2. divisjonslag. Før fjorårets sesong, der dei enda på ein skuffande 9. plass, hadde dei svært gode plasseringar tre år på rad, med to andreplassar og ein tredjeplass. Dei to første sesongane etter opprykket i 2011 enda på henhaldsvis 10. og 7. plass, så forutan førre sesong, har laget hatt god progresjon, og fått rykte på seg til å vere eit topplag i divisjonen. Laget har tradisjonelt sett sluppe inn få mål, og samstundes ikkje scora så frykteleg mykje. Då dei enda på 2. plass i 2015 scora dei 55 mål, men slapp inn berre 22 mål, noko som er særs gode tal. Den skuffande 9. plassen førre sesong var også svært god defensivt, sidan dei slapp inn tredje minst i ligaen med 29 mål. Defensiv struktur er altså Egersund si ”force”. 

Mange har tippa laget frå sydlege Rogaland å ende svært høgt på tabellen, kanskje t.o.m. til å rykkje opp, men sesongen har starta på bortimot verst tenkeleg vis. Egersund har ein kamp mindre enn dei andre laga i avd.2 ettersom kampen mot Brattvåg vart utsatt. Dei har saman med Vard Haugesund berre eitt poeng hittil, men det er venta at dei vil heve seg etter denne svake starten på sesongen. Som sagt før, så er det defensive på plass i laget, sidan dei berre har sluppe inn to mål hittil, men dei har scora totalt null (!) mål. Dei har rett nok møtt to gode lag i Vålerenga 2 og Bryne, men heimetapet mot fylkeskollega Vidar svei nok for Egersund. 

Lagoppstillinga er svært vanskeleg å tippe, sidan Egersund har stor og god breidde i troppen. Dei kan finne på å rotere ettersom resultata ikkje har vore som forventa, eller p.g.a. tett kampprogram i mai og slitasje på dei som har spelt hittil.

Spelarprofilar på Egersund IK

Nicolai Larsen Berg er Egersunds sin nye målvakt for sesongen, fordi Igor Spiridonov vart selt til Bryne i vinter. Spiridonov blir skildra som kanskje den beste keeperen i heile avdelinga, så Larsen Berg har ei stor oppgåve foran seg. Den offensive sidebacken Jørgen Øveraas kom frå Sandnes Ulf før sesongen og er blant dei beste backane på dette nivået, så det er ei stor forsterking. Egersund har hatt fleire skader i midtforsvaret før sesongen, så per dags dato er det Marcel Wawrzynkiewicz og Kristian Strande, son av Molde-legende Trond Strande, som vanlegvis startar kampane. Wawrzynkiewicz har spelt for Vålerenga på øvste nivå i Noreg, og kan spele både som back og midtstoppar, og er ei viktig brikke i dette laget. 

Midtbana kan bestå av fleire spelarar, men akkurat no er det nok Kim Robert Nyborg, Sverre Larsen og Henning Romslo som startar. Nyborg spelte førre sesong i OBOS-ligaen for Levanger, og er eit godt tilskot til stallen. Larsen og Romslo har vore i klubben ei stund etter dei kom frå Bryne, og er bærebjelkar for dette laget. Dødballspesialist Kenneth Grande kan også kome inn og spele på midtbana. Lenger framme på bana har Egersund mange spennande alternativ. Midtspiss Roger Ekeland bøtta inn mål for 3. divisjon for ikkje alt for langt tilbake i tid, men då han prøvde seg i OBOS-ligaen vart spranget for stort. På dette nivået bør han vere i stand til å score stabilt. Bob Sumareh var Egersund sin store redningsmann førre sesong. Han scora 19 av 40 mål, altså så og seie halvparten av laget sine mål. Han kjem til å fortsette å vere ei offensiv berebjelke. Han, saman med nyinnkjøpte Roy Miljeteig, må verkeleg passast på. Miljeteig spelte for to år sidan i Eliteserien for Haugesund der han gjorde sine saker rimeleg bra.

Miljeteig - håper jeg kan bidra med rutine

”Jeg håper jeg kan bidra med rutine fra et høyere nivå, både på trening og i kamp. Men det viktigste blir å bidra til at vi skaffer oss mange trepoengere. Mine største styrker er nærteknikk, samt overblikk og ro.”

Miljeteig om Bob Sumareh

”Det blir veldig kjekt å få spille med Bob igjen. Vi er et radarpar både på og utenfor banen. Vi utfyller hverandre utrolig godt.”

Hødd må passe på desse to spelarane i ein kamp som er forventa å bli jamn og tett.

Om kampen

Utanom den sterke sigeren mot Jerv i cupen, så har Egersund verken scora eller vunne ein einaste kamp. Dei kjem enten til å kome med mykje vilje til å vinne sin første ligakamp for sesongen, eller utan sjølvtillit, men mest sannsynleg det førstnemnde.

Hødd på si side har tre sigrar på rappen i alle turneringer, og alle sigrane har vore av det forløysande slaget. To overtidsmål og ein fantomkamp mot eit Eliteserie-lag er fasit etter sesongens einaste tap mot KFUM. I førre kamp avgjorde Hødd i 1. omgang etter å ha vore effektive i motsetning til i fleire andre kampar. Fortsett Hødd på same måte som i midtveka så er det gode sjansar for poeng i denne kampen, men det er viktig å ikkje ta lett på ein slik kamp.

Dette er to lag med totalt forskjellige formkurver. Vi satsar på at Hødd nok ein gang viser kvifor dei er eit topplag og slår til med ein svært solid kamp i Rogaland søndag ettermiddag.

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen blir streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent).  

Det vil også bli oppretta ein kamptråd der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt frå kampen. 

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • IDRETTSPARKEN

  • 13.05.2018 KL. 15:00

Annonse: