PRESSEMELDING HØDD FOTBALL

Oppstart av klubborganisert aktivitet for senior- og breiddefotballen.

Vi i Hødd Fotball veit at mange av vore spelarar i heile klubben saknar sine kameratar og fotballtreningane på Høddvoll, og den fysiske aktiviteten dette skapar i ein elles uvandt kvardag for dei fleste. Det at idretten på lik linje med skulane må reduserast i stor skala, påverkar ikkje berre den fysiske helsa, men også den psykiske helsa. Vi har derfor valt å organisere aktiviteten gradvis den komande veka, men vi har den største forståing for at nokon vel å ikkje la borna sine vere med på denne forsiktige oppstarten. Dette er ei vurdering kvar enkelt familie må gjere sjølv.

Administrasjonen og styret i Hødd Fotball har siste vekene satt ned ei arbeidsgruppe som har vurdert moglegheita for å legge til rette for Klubborganisert trening innanfor dei strenge retningslinjene for aktivitet, og der Hødd Fotball har ansvaret for gjennomføringa. Dette tek vi på alvor og vi forventar også full lojalitet frå alle vore medlemar. Resultatet av dette er laupande diskutert og gjennomgått av styret. Dette inneberer blant anna oppdatering av regelverk, praktisk/ logistikkmessige utfordringar (utstyr, baner og spelarar) og kva ressursar årgangane må stille til rådigheit (vakthold, hygiene etc).

Det er bestemt at Hødd Fotball starta opp med avgrensa fellestreningar innanfor dei reglane og rammer som er gitt av Folkehelseinstituttet og særforbundet NFF for fotballen, dette i samarbeid med Kommuneoverlegen i Ulstein:

  • A-lag damer og herrar starta opp med tre treningar i veka, måndag 27 april.
  • Laga i barne- og ungdomsfotballen har planlagt oppstart, måndag 4 mai med avgrensa mengd med treningar.
Annonse: