PRESSEMELDING HØDD FOTBALL

Det nye styret i Hødd Fotball ha konstituert seg.

Andre Skotheim har blitt nestleiar, Hallstein Saunes har blitt leiar for Sportsleg utval, og får med seg Andre Skotheim og Erika Skarbø. Utvalet vil om kort tid bli utvida med to personar.

Anna Goksøyr skal jobbe inn mot marknadsutvalet, Kari Mette Sundgot inn mot kvalitetsklubbutvalet og Sigvald Skeide og Einar Magne Skeide inn mot utvalet for barne og ungdomsfotball. Anleggsutvalet har vore i arbeid lenge og vert leia av John Osnes.

Vi vil no arbeide aktivt for å få inn nye medlemmar til utvala og gje dei mandat å jobbe etter.

Vi har hatt tre styremøte og vart kasta rett inn i Koronautfordringane. Permitteringar vart nødvendig. Det har også blitt jobba med ein prosess for å ivareta klubben sine økonomiske og menneskelege verdiar. Vi har utarbeida kriteriar for utvelging av kven som skal bli permittert og vi har blitt samde om desse kriteriane:

1) Bedrifta sine behov
  • Administrative oppgåver som må løysast
  • Kompetanse

2) Ansiennitet i IL Hødd Fotball

3) Særlege sosiale forhold
  • Åleineforsørgjar/forsørgjarbyrde, økonomisk situasjon, par i same situasjon osb.

Vi har naturlegvis også hatt ein heilt nødvendig gjennomgang av økonomien, då vi no veit at vi vil få sterkt reduserte inntekter i tida framover. Vi har  prøvt å sjå framover og  på kva som ventar oss med ulike utfall av den situasjonen vi er i no. Ingen veit sikkert korleis det blir framover, og ser fram til ein normalsituasjon. På neste møte vil vi vedta strategiplanen og ein plan for implementering av denne.

Styret i IL Hødd Fotball

Annonse: