Pressemelding 15.08.2017

Oddmund Davik Otterlei ny dagleg leiar i Hødd Fotball.

Oddmund Davik Otterlei er tilsett som ny dagleg leiar i Hødd Fotball. Han kjem frå stillinga som rektor ved Brattvåg Ungdomsskule der han har vore tilsett i ulike roller dei siste 18 åra. Otterlei har gjennom sitt yrkesaktive liv opparbeida erfaring med administrative, strategiske og personalmessige oppgåver. Han har genuin interesse for fotball og har blant anna fungert i roller som trenar og styremedlem. Styret i Hødd Fotball meiner Otterlei har gode forutsetningar for å inngå i det gode teamet av tilsette og tillitsvalgde som bidreg til at Hødd er Sunnmøre sin største samfunnsaktør.

«Vi er særs nøgde med å ha fått ein ny dagleg leiar på plass, og ynskjer Oddmund velkomen inn i Hødd-familia! Oddmund har vist gjennom sitt arbeid i skule og idrett at han kan leie og utvikle samfunnsinstitusjonar, og vi gler oss no til å arbeide i lag med han for å utvikle Hødd vidare både i breidde og topp, seier styreleiar Håvard Haanes».

Oddmund Davik Otterlei seier følgjande:
«Eg gler meg veldig til det som er ei spennande utfordring, og skal bidra for å vidareutvikleklubben på monge områder. Vi skal legge rette for sportslig utvikling og at Hødd som organisasjon vert klar for toppfotballen igjen».

Spørsmål kan rettast til styreleiar Håvard Haanes på telefon 976 64 004 og Oddmund Davik Otterlei på telefon 482 59 191.


Ulsteinvik 15.08.2017

Annonse: