PRESSEAKKREDITERING 2020

Viktig informasjon til presse før kampen mot Moss!

RETNINGSLINJER TV-PRODUKSJON

  • Ved minste teikn på sjukdom/ feber – bli heime!
  • Alle avtalar som gjelder TV-produksjonen skal koordinerast og bekreftast seinast to dagar før kamp.
  • Intervju skal avtalast på førehand med begge laga. 
  • Intervju skal gjennomførast av éin journalist og éin fotograf pr. kamp.
  • Det skal nyttast utstyr som sikra avstand mellom journalist, fotograf, og spelar/ trenar.
  • Alle intervju bør gå føre seg utandørs.
  • Tilgang til mediebygget, samt intervju på indre bane etter avtale med begge lag på førehand. 

RETNINGSLINJER FOTO OG SKRIVANDE PRESSE

  • Ved minste teikn på sjukdom/ feber – bli heime!
  • Det blir berre gitt tilgang for eit avgrensa tal på personar pr. media – og berre presse som er nødvendig for å produsere redaksjonelt innhald frå kampen vil få akkreditering.
  • Generelle reglar og retningslinjer for akkreditering av alle typar media gjelder. I tillegg vil heimelagets akkrediteringsrutinar bli følgt. Dette inkluderar også akkrediteringsfristar.
  • Eit presserom vil bli tilgjengeleg frå 60 minutt før kampstart til 60 minutt etter kampslutt. Berre presse med behov for å bruke rommet for arbeid vil få tilgang. Alle som har moglegheit til å utføre sitt arbeid frå presseområdet på hovudtribunen skal vere der frå framkomst til du forlet kamparenaen. 
  • Skrivande presse skal nytte presseområdet på hovudtribunen og fotografar skal bevege seg innanfor gitte soner på indre bane. 
  • Mixed sone (intervjusone) etter kamp blir flytta opp i andre etasje i Ulsteinhallen. Nytt hovudinngangen og gå opp trappa. Vi har valt å gjere dette for å sikre god avstand mellom alle partar. 
  • Ved framkomst til stadion, nytt presseinngangen på enden av hovudtribunen. Der vil du få utdelt akkreditering.

AKKREDITERING

  • All presse skal akkrediterast, og dette må gjerast ved å fylle ut vedlagt akkrediteringsskjema. Bruk lenkja for å melde din framkomst til stadion. Frist for akkreditering er to dagar før kampdag. Til kampen mot Moss er fristen satt til torsdag 09.07 kl. 14.00. Har du registrert deg før denne fristen blir du automatisk godkjent.
  • Alle søknadar etter denne fristen vil ikkje bli godkjent.
  • Lenkje: https://forms.gle/XKE8SSYqgaznfvFB7 

Andre førespurnadar kan sendast til medieansvarleg André Aurvåg Gardshol til e-postadresse [email protected]. Grunna ferieavvikling må førespurnaden skje før torsdag 09.07 kl. 14.00.

Annonse: