Preben Sætre til Hødd

27-åringen har signert ut 2017-sesongen.

Preben Sætre er klar for Hødd. Han har trent med klubben nokre veker, og har gjort det så bra at han har blitt tilbudt ei eitårs-kontrakt.

Gurskingen spelte for Hødd som junior under Lars Arne Nilsen, men forlot dei blåkvite foran 2009-sesongen til fordel for Larsnes/Gursken. Der spelte han i fire sesongar før han melde overgang til Herd. Etter tre sesongar i 2. - og 3. divisjon med gutta frå Moa, der han også har vore klubbkaptein i to sesongar, kjem han no tilbake til Høddvoll.

- Eg føler eg ikkje fekk gjort det eg skulle sist eg var i Hødd, og har heile vegen hatt veldig lyst til å returnere til klubben. Eg gler meg veldig til det som står foran oss, og har ei klar målsetting om å spele meg inn på laget, seier Preben.

- Du er kjent for å vere ein spelar som kan brukast i dei fleste posisjonar. Kva posisjon meiner du sjølv du aspirerar mest til?

- Favorittposisjonen min er venstrekant, men eg likar meg også som ein offensiv back, seier han.

Preben vert den tredje spelaren frå Gursken i årets A-stall, saman med Magnus Myklebust og Steffen Moltu. Ei fantastisk fjør i hatten for heimbygda til tidligare Hødd-toppscorar Jan Åge Fjørtoft! 

Sportssjef Andre Nevstad seier følgande om signeringa av Sætre:

- Vi får inn nok ein lokal spelar som er svolten på å prestere, og som har gjort det godt i ein måned med prøvespel for Hødd. 

Preben er ein anvendeleg spelar, han er løpssterk og ei flott type som vi er sikre på vil bidra positivt inn mot spelargruppa.

Annonse: