POENGDELING MOT ARENDAL

Hødd tok eit fullt fortent poeng borte mot Arendal i kampen som enda 1-1, men kunne også fort ha tatt med seg alle tre poenga heim til Ulsteinvik!

1. OMGANG

Heimelaget opna med eit høgt press og skapte nokre halvsjansar i starten av kampen, men Hødd forsvarte seg godt og hadde god kontroll på det Arendal skapte offensivt.

Hødd tok meir og meir over banespelet etter dette, utan å skape dei store sjansane. Første halvsjanse til Hødd kom etter 12 minutt når Peter Hasund vart spelt i gjennom i bakrom av Eirik Franke Saunes. Kun ein liten touch på ball av Peter mangla før det kunne blitt farleg!

Mot spelets gong skulle heimelaget få den første skoringa. Johannes Sundgot mista ballen på venstresida og Arendal gikk rett i angrep og straffa Hødd med å sette den kontant i mål. Målskorar Rasmus Lynge Christensen.

Hødd fortsatte å dominere banespelt etter skoringa og trykte til tider heimelaget bakover i bana. Dessverre klarte ikkje Hødd å skape dei store sjansane.

I det 41 minutt vart Arendal redusert til 10 mann etter at Shariff Cham mottok sitt andre gule kort i kampen. Shariff fekk sitt andre gule kort etter at han hindra ei kontringsmuligheit til Hødd.

Kampen ebba ut i 1-0 leiing til heimelaget til pause etter dette.

2. OMGANG

Hødd gikk rett i angrep i andre omgang og Preben Sætre var først ut til å teste skuddfoten. Plutseleg var vingbacken spelt i gjennom, men dessverre gikk skuddet rett på keeper. 

Kort tid etter skulle Hødd få uttelling for presset! Eit innlegg frå høgresida enda til slutt hos Eirik Franke Saunes like utanfor 16-meteren. Han fyrte av på direkten og rett i vinkelen. Ei flott skoring!

Dei blåkvite fortsatte å styre banespelet etter skoringa, men Arendal var også farlege frampå med sine hurtige kontringar.

Kun få minutt etter skoringa skulle ein ny Hødd-spelar få sjansen. Robin Shroot vart spelt fri inne i 16-meteren, men nok ein gong vart avslutnnga redda av keeperen til Arendal.

Etter 73 min kom den neste sjansen til Hødd som kunne blitt noko ut av. Peter Hasund vart spelt i gjennom inne i 16-meteren etter ein corner, men dessverre var pasninga litt for lang og keeper kom først på ball og slo den ut til ny corner. Det kunne også sjå ut som Peter sklei i det han skulle avslutte.

Peter Hasund hadde også eit flott forsøk på frispark etter 79 minutt som gikk like over.

På overtid kunne Hødd avgjort kampen etter fleire store sjansa. Først vart eit skudd redda av keeper og rett etter avslutta Tobias Bjørnebye rett i tverrliggaren. Kun margina i mot hindra skoring i denne dobbelsjansen!

KAMPOPPSUMMERING

Hødd var nok ein gong det beste laget og kunne med litt meir margina eller dyktigheit i avslutninga skora fleire mål i dagens kamp og tatt med seg alle 3 poenga heim til Ulsteinvik. Det positive, spesielt i andre omgang er at laget kjem seg ofte i posisjon til avslutning. Men eitt poeng er greit i dag mot eit godt Arendal-lag som er tippa som ein av favorittane i avdelinga!

LAGET

Ole Monrad Alme, Jens Berland Husebø (61 min - Tobias Bjørnebye), Joakim Wrele, Daniel Eid, Preben Sætre, Johannes Sundgot, Bam Hide (85 min - Robin Hjelmeseth), Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Robin Shroot, Peter Hasund.

Annonse: