POENGDELING I SERIEOPNINGA

Hødd tok eit fullt fortent poeng borte mot Fredrikstad FK i serieopninga som enda 1-1.

1. OMGANG

Hødd spelte ein flott første omgang og var i store perioder det klart beste laget. 

Sjølv om Hødd styrte det meste av spelet, så var det heimelaget som skulle få det første målet. Tidlegare Hødd-spelar Kjell Rune Sellin vart spelt i gjennom bak forsvaret til Hødd og gjorde ingen feil i avslutninga og sette ballen kontant bak Ole Monrad i Hødd-målet. 1-0 til heimelaget var eit faktum. 

Hødd dominerte meir og mer banespelet etter skoringa til heimelaget og var det førande laget på Fredrikstad stadion. Med litt meir presisjon i avslutningane kunne Hødd ha straffa heimelaget skikkeleg i første omgang. Bam Hide, Peter Hasund og Robin Shroot var alle svært nære med sine forsøk.

Ingen fleire mål kom før pause og heimelaget kunne gå i garderoben med leiinga 1-0.

2. OMGANG

Andre omgang fortsette slik som før pause. Hødd tok tidleg tak i kampen og hadde mykje ball slik som i første omgang. 

Først etter 76 minutt skulle Hødd få si fullt fortente utlikning. Ei pasning vart slått inn bak forsvarsfiraren til heimelaget og eit flott løp av Bam Hide inn bak forsvaret skulle by på trøbbel for Fredrikstad. Bam dukka opp rett foran keeper, fin touch på ball og rett i mål bak ein sjanselaus Fredrikstad-keeper. 1-1 og ny spenning i kampen!

Begge laga hadde sine småsjansar etter dette, men ingen fleire mål kom i kampen. 

TRENARKOMMENTAR

- Vi er fornøgde med perioder av kampen, skaper bra med sjansar, men skulle helst ha skora eit mål til og vunne kampen! Men creds til gutta for ein bra prestasjon!, seier trenar Sander Håskjold Nyland etter kampen.

KAMPOPPSUMMERING

Hødd tok søndag eit fullt fortent poeng på Fredrikstad stadion. Hødd var det førande laget i store delar av kampen og kunne med litt meir presisjon ha straffa heimelaget med både 2-3 mål. Men 1 poeng borte er vi godt i gang med sesongen i PostNord-ligaen avdeling 1!

LAGET

Ole Monrad Alme, Netan Sansara, Jens Husebø, Joakim Wrele (K), Johannes Sundgot (84 min - Preben Sætre), Daniel Eid, Bam Hide, Bendik Rise (84 min - Robin Hjelmeseth), Eirik Franke Saunes, Peter Hasund (74 min - Tobias Bjørnebye) og Robin Shroot.

Annonse: