Påmelding - Hødd Extra Våren 2017

Hødd Extra er eit treningstilbod for motiverte spelarar i alderen 7 til 12 år. Tilbodet gjeld for spelarar i Hødd og Hødd sine naboklubbar.

Hødd Extra er eit treningstilbod for motiverte spelarar i alderen 7 til 12 år. Tilbodet gjeld for spelarar i Hødd og Hødd sine naboklubbar, og vil kome i tillegg til dei vanlege lagstreningane. 

Det er fri påmelding, men vi har følgjande kriterar for spelarane som melder seg på:

- Dei som går i seg sjølv for å bli best mogleg.
- Dei som vil lære mest.
- Dei som er mest fokusert i øvingar og spel.
- Dei som aldri gir opp når ting er vanskeleg.

Treningstider

Hødd Ekstra startar med ordinære treningar torsdag 26. januar. Hødd Ekstra har treningar torsdag og søndag. 

Torsdag og søndag:
7-9 år kl. 17.30 - 19.00
10-12 år kl. 19.00 - 20.30

Treningane varer fram til og med søndag 2. juli. Alle torsdagar og søndagar med unntak av påskeferien. Hødd Ekstra starter opp igjen tidlig i august. Då blir det muligheit for ny påmelding.

Pris

Barna kan melde seg på ei eller to økter.
- ei økt pr veke kr. 60,-
- to økter pr veke kr. 80,-.

Pris for ei økt pr veke (totalt 22 økter) kr 1381,- (transaksjonskostnad inkludert i prisen).

Pris for to økter pr veke (totalt 44 økter) kr. 1838,- (transaksjonskostnad inkludert i prisen).

Familierabatt: Barn nr 2 etc: 50 % rabatt.

Påmeldingsfrist måndag 23. januar.

Trykk her for å melde på ditt barn!

Annonse: