OTTAR SELJESET, EIN STORSCORAR FRÅ 50-TALET ER BORTE

Ottar Seljeset bak til venstre saman med Hødd-laget før 3.runde kampen i cupen mot Larvik Turn på Aksla stadion i 1956. Broren Inge Seljeset står ved sida av han.

Ottar Seljeset (89) laga 100 mål for Hødd på 234 A-kampar, på 1950-talet for det meste. Seljeset-karane dominerte på Hødd sitt A-lag den gongen. Broren Inge «Brun» Seljeset var ein storspelar med finslept teknikk, medan Ottar var storscoraren. Ein tredje bror, Arnt Seljeset spelte også for Hødd, men måtte gi seg tidleg på grunn av ein kneskade.

Ottar Seljeset var toppscorar for Hødd i 1951/52-sesongen då laget spelte kvalifiseringskampar for opprykk til Hovedserien mot Ranheim. Den siste scoringa for Hødd laga Ottar Seljeset i 1959/60-sesongen. Etter dette reiste han til Larvik og spelte på FRAM ein periode.

I følgje nevøen, Odd-Arne Seljeset, var Ottar både spiss og kant. Ein spelar med god fart, og som trente på dette systematisk på 50-talet. Odden hugsar særleg ein kamp i 1959 då Ottar laga begge måla då Hødd slo Kristiansund FK 2-0 på Hødd-grusen. I følgje Odden var Ottar heilt til det siste veldig opptatt av korleis det gjekk med Hødd.

Vi lyser fred over minnet til Ottar Seljeset.

Arne Flatin

Annonse: