OLA HELTNE NILSEN HAR SIGNERT

Ole Heltne Nilsen (19) har i dag signert ei kontrakt med Hødd ut 2020-sesongen!

Ola kjem frå Volda og har dei siste åra våre ein del av rekruttstallen til Hødd. Han står oppført med fleire kampar på seniornivå i Hødd for andre og tredjelaget dei siste åra. Ola har vore fast på trening med a-lag herrar etter nyttår og debuterte for Hødd i bortekampen mot Nardo i fjor. Ein ung og lovande forsvarspelar som vi ser fram til å følgje i åra framover!

Ola har i dag signert ei kontrakt med Hødd ut 2020-sesongen.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Ola Heltne Nilsen er flytta opp frå rekrutt til Hødd a-lag herrar. Han har hospitert over ein lengre periode, han har allereie debutert for Hødd i PostNord-ligaen 2019. Ola er ein ung spelar i god utvikling, ein spelar med sterk mentalitet. Han er ein høgreist midtstoppar med ein veldig god fysikk. Prestasjon, innstilling i trening og kamp gjer at vi har tru på Ola, ein spelar du gjerne vil ha med deg i krigen.
 
Ola kommenterer dette til Hødd:
- Eg er nøgd med å bli tatt opp i A-stallen. Det er ein super gjeng som jobba hardt og det skal bli kjekt å bli ein del av det. I Hødd ligg alt til rette for at eg kan utvikle meg og bli ein god fotballspelar. Eg er topp motivert og skal jobbe knallhardt for å nå mine og klubbens mål.
 

Vi gratulerer Ola og ønsker han lykke til i Hødd-drakta! 

FAKTA

  • Namn: Ola Heltne Nilsen

  • Fødd: 15. februar 2001

  • Posisjon: Midtstoppar

  • Tidlegare klubbar: Volda (moderklubb), Hødd

Annonse: